NRK Meny
Normal

113: Det er ikkje alltid vi forstår kva folk seier

Med så mange dialekter som finnast i Noreg kan det by på problem. Martin Horn har fleire gonger opplevd at det er vanskeleg å forstå kva folk meiner når han tek imot naudtelefonar på AMK i Bergen.

Dialektproblem på alarmsentralen

Dialektproblem på alarmsentralen: Martin Horn tek imot naudtelefonar på AMK i Bergen. - Av og til er det vanskeleg å forstå kva folk seier.

– Det er klart, det kan gå tapt sekundar når vi ikkje skjønar kva folk seier på telefonen når dei ringer inn til oss på 113, fortel Horn.

I den nye serien «Dialektriket», som byrjar på NRK ikveld, prøvar programleiar Yasmin Syed å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eigentleg er.

Dialektproblem på 113

Dialektriket

YASMIN SYED: I den nye serien Dialektriket, prøvar programleiar Yasmin Syed å finne ut kor spesiell tilstanden i dialektriket Noreg eg.

Foto: NRK

– Kva når det det handlar om liv eller død, når det står om minutt og ein verkeleg må forstå? Desse spørsmåla stilte me oss då me lagde serien, og sanninga er jo faktisk den at det kan vera utfordrande, fortel Syed.

Martin Horn jobbar på Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK), og fortel at det kan vere særs vanskeleg å ta imot naudtelefonar frå stressa folk med så mange ulike dialekter når det handlar om liv eller død.

– Spesielt dei tjukkaste vossadialektane har dei problem med å forstå, og av og til skulle eg verkeleg ønskje at alle snakka den same dialekta, fortel Horn.

Horne seier at det fleire gongar har gått tapt sekundar fordi det har vore vanskeleg å skjøna dialekta til personar som ringjer naudtelefonen.

– Det hender at eg skulle ønskje at alle snakka same dialekt. Det finst ein del vanskelege dialekter, då kan det bli vanskeleg å forstå kva folk vil.

Størst problem med stadsnamn

Den største utfordringa med dialekter på AMK er utan tvil stadsnamn, seier Horn.

– I daglegtalen kallar vi ein gjerne stadsnamna på éin måte, medan ein uttalar det på ein annan måte lokalt. På kartverket skriv dei kanskje namnet på ein tredje måte, det kan by på problem.

Horn seier at det til tider kan vere vanskeleg å finne ut kor vedkommande faktisk er.

– Eit døme på det er jo Søfteland, utanfor Bergen. Tidlegare blei det skrive «Syfteland» medan ein no skriv «Søfteland». Då gjeld det å søke rett i kartsystemet vi brukar.

Heldigvis kan han ikkje hugsa at problem med å forstå dialektar har fått alvorlege konsekvensar.

– Eg kan ikkje hugsa at nokon har døydd fordi dei ikkje forstod dialekten.

Siste video

Onsdag 16. august begynte flyttingen av den store flytedokken fra Laksevåg til Ågotnes.
Programleder: Mariann Reikerås