Hopp til innhold

Norsk gullhåp skal i aksjon – dette skjer på VMs sjette dag

Det er venta mykje action når dei første fellesstartane i VM går av stabelen fredag. Og ein nordmann kan ta gull på heimebane.

Sykkel-VM Bergen 2017

FØLG VM: Fredag er første dag med fellesstart. Følg NRKs radiosending fra klokken 10.00.

SISTE: Elena Pirrone tok gull i fredagens første ritt. Kl. 13.15 startar junioherrane sin fellesstart.

Etter ein kviledag er sykkel-VM på hjul att. Og det ligg eit forventningens sus over dei tre siste dagane i Bergen.

Fredag er det duka for dei to første fellesstartane.

Det er juniorkvinnene og U23-mennene som skal i aksjon fredag. Dei skal alle sykla fleire rundar i Bergen sentrum, i ei litt anna løype enn de som vart sykla under temporitta tidlegare denne veka

Det vert også eit første møte med den lange bakken opp Sollien. Det er her arrangørane ventar at det blir mest publikum, liv og røre. Skal du sikre deg god plass her, kan det vera lurt å vera tidleg ute.

Vêrmeldingane er ikkje like gode som for laurdag og søndag. Det er venta ein god del nedbør ifrå klokka 12.00 og utover, så vegane blir våte og glatte.

NRK sender alt frå sykkel-VM direkte på radio. Du kan følgje sendingane på NRK Sport:

Kristoffer Halvorsen

KNUSTE TIL: I steikande varme tok Kristoffer Halvorsen gullet på U23-rittet under VM i Doha i fjor. Han blir historisk om han klarar det same i Bergen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Fellesstart kvinner, junior klokka 10.05

Fredagens første konkurranse er fellesstarten for juniorkvinnene og dei skal sykle totalt 76,4 kilometer. Alt skjer i rundløypa i Bergen sentrum, der kvar runde er 19, kilometer.

Kvinnene skal sykle totalt fire rundar og startar på Festplassen i sentrum. Deretter syklar dei over Puddefjordsbroen, inn Solheimsviken og opp til Løbergsveien. Vidare til Mindemyren, forbi Wergeland og opp til Langhaugen skole og flatt bort til Mannsverk.

Så får stigninga opp Sollien altså vist seg fram for første gong under VM. Bakken, med sponsornamnet "The Salmon Hill", er totalt på 1,5 kilometer og har ein snittstigning på 6,4 prosent.

Deretter stuper syklistane ned igjen til Landås, forbi Haukeland og til Vetrlidsalmenningen via Kong Oscars gate. Vidare ut Sandviken og inn igjen til Bryggen, Torget og Festplassen.

Runden skal altså syklast fire gonger. Medaljeseremoni på Torgallmenningen skjer ca. klokka 12.35.

Desse syklar for Norge:

  • Thale Kielland Bjerk
  • Martine Gjøs
  • Amalie Lutro
  • Emelie Røe Utvik

Fellesstart menn, U23 klokka 13.15

Fredagens andre konkurranse er fellesstarten for U23-mennene. Totalt skal dei legge bak seg 191 kilometer ved å sykle tilsvarande rundløype som juniorkvinnene.

Mennene skal sykle runden, og stigninga opp til Sollien, ti gonger.

I denne øvinga har Norge eit gull å forsvara. Kristoffer Halvorsen spurta inn til gullet i U23-rittet under VM i Doha i fjor og kan bli historisk om han gjentek bedrifta på heimebane.

Han får hjelp av fem andre norske ryttarar:

  • Ole Forfang
  • Tobias S. Foss
  • Anders Skaarseth
  • Rasmus Fossum Tiller
  • Syver Westgaard Wærsted

Medaljeseremoni på Torgallmenningen ca. klokka 17.55.

Fellesstartløype i Bergen sentrum

RUNDTUR: Publikum får til saman sjå 14 rundar i Bergen i morgon, når fellesstart for juniorkvinner og U23-menn går av stabelen.

Foto: Bergen 2017

Kommunen: – La bilen stå!

Ein kjem ikkje unna stengde vegar i morgon heller.

Det er også venta langt meir folk langs løypene og i byen. Både politiet, kommunen og Vegvesenet oppfordrar sterkt til å ta i bruk det utvida kollektivtilbodet.

– Vi ventar rekordmange menneske til Bergen. Derfor blir det viktigare enn nokon gong at bergensarar går eller vel buss, bane og sykkel, reknar god tid og viser omsyn til kvarandre, seier informasjonsdirektør Eva Hille.

Som vanleg er vegane der sykkelritta går heilt stengd frå 08.30 til 19.00. Puddefjordsbroen, Løvstakktunnelen og Damsgårdstunnelen er også stengd i dette tidsrommet.

For fullstendig oversikt over korleis sykkel-VM påverkar der du bur, sjå dette digitale kartet frå kommunen. Her kan du velje kva dag du vil ha informasjon om, slik at du også kan planlegge laurdagen og søndagen.