Hopp til innhold

Ekspertar åtvarar mot å fjerne alle bomstasjonane

– Det er å ta pengar frå framtidige generasjonar og gi dei til bilistane, seier professor om Frp-forslaget.

Bompengering på Nygårdsbroen i Bergen fotografert i rushen

BOMPENGAR: Motstanden mot bomstasjonane aukar fleire stader, og Frp føreslår no å bruke oljepengar på å fjerne dei.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

I helga fekk Carl I. Hagen med seg landsmøtet til Framstegspartiet på eit forslag om å bruke 100 milliardar av overskotet til oljefondet på å stenge alle bomstasjonar i Noreg.

Partileiar Siv Jensen kunne også avsløre at regjeringa vil bruke 200 millionar på å rive bomstasjonar berre i år. Ifølgje Jensen skal rivinga starte med ein gong Stortinget har vedteke revidert nasjonalbudsjett 14. mai.

– Fleire bommar skal bort og folk skal betale mindre, lova finansministeren.

Fleire ekspertar åtvarar mot konsekvensane.

Siv Jensen på Frps landsmøte 2019

APPLAUS: Budsjettlekkasjen om riving av bomstasjonar allereie i år blei godt motteke på Frp sitt landsmøte.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Rammar pensjonistar

Om ein tar store summar frå oljefondet for å fjerne bompengar, vil det gå ut over blant andre pensjonistar i åra som kjem, seier Ola Grytten som er professor ved Norges Handelshøyskole.

Ola Honningdal Grytten

SKEPTISK: Professor Ola Grytten ved NHH meiner fjerning av bomstasjonar vil få konsekvensar både i dag og for generasjonar som kjem.

Foto: Helge Skodvin / Pressefoto

– Ein tar med andre ord pengar frå framtidige generasjonar og gir til dei som køyrer bil i dag.

Grytten viser også til at for å bruke 100 milliardar på å fjerne bomstasjonar, må ein bryte handlingsregelen for bruk av oljepengar som Stortinget har blitt samd om.

– Det skaper eit press i økonomien om ein bruker alt for mykje pengar. Det vil føre til at både prisane og renta vil stige. Så gevinsten ein får ved å sleppe å betale bompengar, vil forsvinne i høgare rente.

Bilistar kan spare 13 milliardar

Med Frp i regjering har talet på bomstasjonar auka frå 170 i 2013 til 245 i november 2018, ifølgje tal VG har henta inn.

I fjor kravde staten inn 11 milliardar kroner i bompengar. Blir alle bomstasjonane fjerna, ville det i år ha spart bilistane for rundt 13 milliardar kroner, ifølgje Transportøkonomisk Institutt (TØI).

Men fjerning av bomstasjonar vil truleg føre til meir bilkøyring, som igjen vil gje meir kø, seier Kjell Werner Johansen, assisterande direktør ved TØI.

– For byområda med bompengar kan ein frå tidlegare erfaring anslå at trafikken fort kan auke med 10-15 prosent.

Han trur kostnadene ved meir kø kan bli betydelege, særleg for næringslivet.

Nye bomstasjoner i Oslo

BOMRING: Oslo er ein av byane som kjem til å ha bompengar i lang tid framover. I løpet av våren skal det settast opp 53 nye bomstasjonar i Oslo og Akershus.

Foto: Nina Didriksen / NRK

Vil bruke skattesetelen

Frp-forslaget kjem samstundes som motstanden mot bompengar aukar.

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar (FNB) ligg an til å få reell makt fleire stader etter kommunevalet. I Bergen syner dei siste målingane at folkeaksjonen er nest største parti med 20,6 prosent oppslutning.

Dei går ikkje inn for å fjerne alle bomstasjonane i Bergen, men vil ha kostnadsnivået for bilistane ned.

– Vi ynskjer bompengar som er på eit nivå der folk kan halde fram med å leve liva sine utan så store månadlege utgifter at det går ut over vanlege familiar sin økonomi, seier toppkandidat Trym Aafløy.

Trym Aafløy

I VINDEN: Trym Aafløy og Folkeaksjonen Nei til meir bompengar kan kome på vippen i Bergen etter valet.

Foto: Lars Christian Wallace

– Vil de bruke oljepengar på å fjerne bomstasjonar, slik Frp føreslår?

– Det må vi overlate til Stortinget å bestemme. Det vil krevje at ein endrar handlingsregelen, og min jobb er ikkje å forsvare landsmøtevedtaka til Frp, seier Aafløy.

Han meiner det er meir rettferdig å finansiere både vegutbygging og kollektivsatsingar over skattesetelen.