Hopp til innhold

Dette skal bli Hardangerbrua

No er Hardangerbrua snart på veg til Norge, etter ein storstilt seremoni i Kina i dag.

Under ein høgtideleg seremoni ved verftet ZPMC i Shanghai i Kina blei bruelementa offisielt overlevert i dag.

Stor festivitas

– I dag var det ei stor, offisiell feiring av at verftet var ferdig med denne store jobben. Det var ei stor hending for kinesarane, og første gang dei har sendt ein slik leveranse så langt av garde som til Nord-Europa.

Det seier prosjektleiar Øivind L. Søvik i Statens vegvesen til NRK.no.

Han var til stades og talte under seremonien, saman med blant andre regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen.

– Kinesarane hadde heilt tydeleg lagt vekt på at seremonien skulle ha høg kvalitet, seier prosjektleiaren.

Alt på ein båt

Kontroll av kabelarbeid på Hardangerbrua 2012

VENTAR PÅ RESTEN: Kontroll av kabelarbeid på Hardangerbrua tidlegare i år.

Foto: Geir Brekke / Statens vegvesen

No skal alle dei 23 bruseksjonane fraktast samla på ein båt som snart siglar til Hardanger.

Avreisa frå Kina er litt utsett på grunn av dårleg ver, men alt er klart til å starta transporten når vêret blir betre.

Når båten kjem av garde vil det gå bortimot to månader til den er framme i Hardanger.

– Vi reknar med at den er framme i slutten av september, seier Søvik.

Då skal stålseksjonane heisast på plass, og deretter sveisast saman.

Planen er at brua skal opna i juni neste år.

Hardangerbrua

KLAR I 2013: Hardangerbrua skal etter planen opnast 13. juni 2013. Ho vert 1380 meter lang, og dermed ei av dei lengste hengjebruene i verda.

Foto: Statens vegvesen

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.