Hopp til innhold

Dette kaoset møtte mannskapet då dei kom på jobb

Hurtigbåt i Bergen utsett for innbrot og omfattande hærverk natt til 1. juledag. Fleire avgangar er kansellert.

Innbrot på MS Admiralen 1.juledag

HÆRVERK: Innbrotstjuven har brotne opp skuffar og skap. Mannskapet vart møtt av eit kaos då dei kom på jobb

Foto: Norled

– Det ser ikkje ut her, sukkar kaptein Nils Borge på MS «Admiralen».

Han og resten av mannskapet på hurtigbåten har fått ein trist start på romjula. I løpet av natta er hurtigbåten blitt utsett for innbrot og omfattande hærverk.

Skadane er av såpass karakter at Sunnhordlandruten mellom Bergen og Sunnhordland er innstilt i dag.

– Det er gjort skader på innreiinga. I kiosken er skuffer og skap brotne opp. Det er rett og slett kaos her, seier Borge.

Inngangspartiet MS Admiralen etter innbrot

KAOS: Her med ombordstiging på MS Admiralen. Ein mann i 40-åra har innrømma å brote seg inn i hurtigbåten natt til 1. juledag.

Foto: Norled

Stogga med matrosuniform

Saman med mannskapet har han starta oppryddinga måndag morgon.

Politiet kom på sporet av saka då dei stoppa ein mann i midten av 40-åra i Bergen sentrum klokka 05.45.

Med seg hadde mannen ein stolen sykkel, ein matrosuniform og ein del kontantar.

Etterkvart innrømma mannen, som er ein kjenning av politiet, at han hadde brotne seg inn i «Admiralen». Hurtigbåten er eigd av Norled og går altså i rute mellom Sunnhordland og Bergen sentrum.

MS Tideadmiral eigd av Norled

INNSTILT: Det går ingen båt mellom Bergen og Sunnhordland 1. juledag.

Foto: Norled

Sikta for innbrot

Kaptein Nils Borge ryddar på MS Admiralen

RYDDING: Kaptein Nils Borge fekk andre arbeidsoppgåver i dag.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Kaptein Nils Borge vart ringt opp i dag tidleg og bedt om å hjelpe politiet då dei skulle undersøka båten.

Det var eit kaos utan like som møtte han då han gjekk om bord.

– Vi må ha dagen på å få båten i stand igjen, forklarer Borge og beklagar til alle dei som hadde tenkt å ta båten i dag.

Båten skulle ha avgang frå Bergen klokka 12.45 og retur frå Leirvik på Stord klokka 14.30, opplyser Norled.

Men i kveld vil båten gå som oppsett i ruta. Avgang frå Bergen klokka 18.30, med endestogg i Skånevik klokka 21.30.

Kor mykje kontantar innbrotstjuven har fått med seg, er førebels ukjent. Han er plassert i arresten inntil vidare. Mannen er førebels sikta for tjuveri og innbrot.

- Han blir avhøyd i løpet av dagen. Den sikta er tidlegare domfelt for lignande forhold, seier jourhavande jurist Elisabeth Bru i politiet.

Innbrudd i MS Admiralen i Bergen 1. juledag

STAL PENGAR: Tjuven har forsynt seg med ein del kontantar i kassa.

Foto: Norled