NRK Meny
Normal

Dette kan bli ødelagt av ny godsterminal

Jernbaneverket har plukka ut to områder som er aktuelle for plassering av ny godsterminal. Lokalbefolkninga protesterer vilt. Her kan du sjå kvifor.

Unneland og Rådal - montasje luftfoto

KAN FÅ TERMINAL: På desse områda i Bergen kan naturen bli erstatta av asfalt, betong og togskinner. Jernbaneverket anbefalar anten Hordnesskogen (øvst) eller Unneland som lokasjon for ny godsterminal.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Jernbaneverket overleverte i desember si innstilling til kvar ny godsterminal i Bergen skal ligga. Dei peika på Unneland i Arna og Hordnesskogen i Rådal som dei to beste alternativa.

Dermed fekk ikkje innbyggjarane i dei to områda eit klart svar på kor ein ynskjer å legga terminalen.

- Terminalen vil øydelegga

Ifølge Jernbaneverket vil terminalen bli kring to kilometer lang og 350 meter brei. Prosjektleiaren har sjølv omtala terminalen som eit «sinnsykt svært anlegg».

- Terminalen vil utradera ein av dei få gjenverande landbruksbygdene i Bergen. Eit kulturlandskap med tusenårig historie vil forsvinna. Unnelandselva, som er gyteelv for laks og aure, blir øydelagd. Og Bergen vil mista eit viktig tur- og rekreasjonsområde, seier Frode Larsen i Unneland grendelag og aksjonsgruppa «Mot Godsterminal i Arna».

- Skogen vil bli totalt øydelagd. Det vil vera forureining av luft og lyd 24 timar i døgnet. Vi snakkar om Bergens nest største rekreasjonsstad. Det er kun byfjella som vert nytta av fleire folk, seier Knut Aarbakke i aksjonsgruppa «Mot Godsterminal i Hordnesskogen».

Begge aksjonane har eigne grupper på Facebook med fleire tusen engasjerte medlemmar.

Dette kan bli øydelagd

NRK har vore begge plassar og teke luftfoto av områda. Her kan du sjå korleis det ser ut på Unneland og ved Hordnesskogen i dag.

Se området som vurderes for den nye godsterminalen

Luftfoto: Alrik Velsvik/NRK

Se området som vurderes for ny godsterminal.

Luftfoto: Alrik Velsvik/NRK

Guida busstur og mobilapplikasjon

Mobiliseringa i begge leirar er stor. Høyringsfristen går ut i mai, og tida er knapp til å samla saman alle motargumenta.

I Arna har motstandarane invitert lokale politikarar i kommunen og på fylkestinget til guida busstur rundt Unneland.

- Vi føler dei aller færraste har sett området som kan bli øydelagd. Her på Unneland må kring 50 hus rivast og 12 gardstun i drift blir borte for alltid. Dette vil vi syne politikarane, seier Larsen i Unneland grendalag.

I Rådal ynskjer dei å dokumentere kor mange bergensarar som faktisk nyttar Hordnesskogen, for å syne at eit svært viktig friluftsområde kan forsvinna. I tillegg til å ha turbøker som brukarane kan registrera seg i, har aksjonsgruppa ein mobilapplikasjon på veg.

- Viss du befinn deg i Hordnesskogen får du muligheten til å registrere det med ein enkel knapp i mobilapplikasjonen. Ein registrerer seg også med postnummer, for vi vil vise at det ikkje berre er Fana-bebuarar som nyttar skogen, seier Aarbakke.

For å sikre misbruk og juks med applikasjon, må ein venta tre timar mellom kvar gang ein kan regisrere ein tur i Hordnesskogen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Laster kart, vennligst vent...

Her ser du korleis Unneland og Hordnesskogen ligg i forhold til kvarandre. Du kan zoome inn og ut på kartet. Den raude markøren syner kvar godsterminalen ligg i dag.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik