Hopp til innhold

Dette har folk prøvd å ta med seg inn i retten

Metalldetektoren som skal avsløre farlege gjenstandar i Bergen tinghus vert sjeldan brukt. – Folk kjenner seg utrygge, seier sorenskrivar i Bergen tingrett.

Beslaglagt våpen

STIKKPRØVAR: Dette er gjenstandar som er beslaglagt ved tilfeldige stikkprøvar på Tinghuset i Bergen.

Foto: Arkiv

– Det hastar veldig å få på plass tryggingstiltak, og dei bør komma på plass så fort som mogleg, seier sorenskrivar Kari Johanne Bjørnøy ved Bergen tinghus.

Pistolar, knivar og slagvåpen er mellom gjenstandane som er funne når det er gjort tilfeldige stikkprøvar.

På tinghuset i Bergen kan alle som vil komma seg inn.

– Me har ein metalldetektor som av og til er i funksjon. Når den er blitt brukt er det beslaglagt farlege gjenstandane, og nokon snur og går når dei ser at den verkar, seier Bjørnøy.

Sorenskriver Bergen tingrett

ER UROLEG: Sorenskrivar ved Bergen Tingrett, Kari Johanne Bjørnøy er uroleg for tryggleiken ved Tingretten.

Foto: Runa Victoria Engen

Lite imponert over tryggleiken

Statsadvokat Eirik Stolt-Nielsen er mellom dei som ofte er i tinghuset. Han er ikkje imponert over tryggingstiltaka i bygget.

– Me har opplevd alvorlege valdsepisodar på utsida av tinghuset i Bergen og i andre tinghus i landet. I andre land har ein opplevd alvorlege episodar i sjølve tinghuset, som drap, seier Stolt-Nielsen.

I ein tingrett i Danmark vart ein advokat skoten og drepen av ein bestefar som var involvert i ei sak som handla om barnebarnet.

Metalldetektor, Bergen Tingrett

ER IKKJE I BRUK: Metalldetektoren står i Tingretten, men blir berre brukt ved spesielle saker.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Ønsker flyplassløysing

– Me ønskjer ein fast portal og ei røntgenmaskin som kan lysa gjennom vesker, slik som ein har på flyplassar, seier sorenskrivar Bjørnøy.

Ho fortel at mange på tinghuset, både dommarar og besøkande, kjenner seg utrygge.

Tingretten behandlar både straffesaker og sivile saker. Når det er straffesaker er politiet inne og gjev ei tryggingsvurdering. I desse tilfella meiner Bjørnøy dei er meir sikre på at tryggleiken blir varetatt.

– Dei sakene kor det er vanskelegast å føresjå at noko kan skje, er saker som involverer sterke kjensler. Det kan vera barnevernssaker, eller saker kor det er konflikt mellom foreldra, seier Bjørnøy.

Bør prioritere dette

Våpen beslaglagt Bergen Tingrett

BESLAGLAGD: Her er fleire av tinga som er blitt beslaglagd ved stikkprøvar.

Foto: Arkiv

– Eg meiner rettsvernet og rettstryggleiken er så viktig at Statsråden bør prioritere det feltet her. Det er trass alt tredje statsmakt, og dei skal sikra at den enkelte borgar får det rettsvernet dei har krav på, seier stortingsrepresentant Ruth Grung (Ap).

Ho har stilt skriftleg spørsmål til Justisministeren om tryggleikssituasjonen i norske tingretter. Svaret er at Domstoladministrasjonen sjølv må prioritera ut ifrå dei pengane dei får.

– Domstoladministrasjonen har fått 2.1 milliard kroner til å driva domstolane og til å vareta tryggleiken. Eg trur domstolane og også Bergen tingrett er stort sett trygg, seier statssekretær i justis- og beredskapsdepartementet Gjermund Hagesæter.

Men avdelingsdirektør i Domstoladministrasjonen Erling Moe seier rammene deira har vore for små over fleire år.

– Tryggleiken er for dårleg i mange norske tingrettar. Me er avhengig av stortinget og regjeringa, og det har vore lite vilje til å løyva dei pengane som trengst, seier Erling Moe.

Ruth Grung

SKRIFTLEGE SPØRSMÅL: Stortingsrepresentant for Ap, Ruth Grung har stilt Justisministeren skriftlege spørsmål om tryggleikssituasjonen i norske tingretter.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK