Hopp til innhold

Dette gjer dei norske selskapa etter dataangrepet

Telenor var i ferd med å styrke sikkerheita då dei blei råka av dataangrepet på tysdag. No har også Norges Bank tatt grep for å betre tryggleiken.

Lars Vågsdal, IT-sjef i Telenor.

VAR I FERD MED Å STYRKE TRYGGLEIKEN: – Det er om lag 70 personar som jobbar med dette kvar dag hos oss, og me søkjer fleire som kan jobbe med ei 24-timars overvaking av datatryggleiken vår, seier IT-sjef i Telenor Lars Vågsdal.

Foto: Telenor

Tysdag blei nettsidene til fleire av dei største norske selskapa råka av eit dataangrep. Nettsidene til Norges Bank var nede etter angrepet. Telenor og bankane Sparebank 1, Nordea og Dansk Bank, samt forsikringsselskapa Storebrand og Gjensidige, vart også råka.

Ein 17-år gammal gut frå Bergen er sikta for grovt skadeverk med ei strafferamme på opptil seks år.

IT-sjef i Telenor, Lars Vågsdal seier dei har opplevd liknande angrep tidlegare, og det var difor dei klarte å avverje angrepet tysdag.

LES OGSÅ: – Uvanleg kraftig dataangrep - NRK – Norge

– Me satsar sterkt på datatryggleik fordi me ser at utfordringane vert fleire og fleire, spesielt med omsyn til datakriminalitet. Det er om lag 70 personar som jobbar med dette kvar dag hos oss, og me søkjer fleire som kan jobbe med ei 24-timars overvaking av datatryggleiken vår.

Vågsdal seier behovet for å ha sikre nett vert stadig viktigare, sidan samfunnet blir meir og meir avhengig av datatenester.

– Dette er også grunnen til at det er viktig å samarbeide med myndigheiter, private bedrifter og andre aktørar når det gjelder utveksling av informasjon, deling av kompetanse, gjennomføring av felles øvinga og så vidare.

– Det handlar om felles haldningar til datakriminalitet og samfunnstryggleik, seier Vågsdal.

LES OGSÅ: Slik gjorde 17-åringen det - Hordaland

Norges Bank: – Me har tatt lærdom av dette

– Me satser sterkt på datasikkerheit [..] Det er omlag 70 personar som jobbar med dette kvar dag hos oss, og me søkjer fleire som kan jobbe med ei 24-timars overvaking av datasikkerheiten vår.

IT-sjef i Telenor, Lars Vågsda

– Me har tatt grep for å betre sikkerheita, utan at eg vil gå i detalj på akkurat kva me gjer, seier Therese R. Wålen i Noregs Bank.

Wålen seier dataangrep er eit aukande problem og ei utfordring dei alltid kan bli betre på å møte.

– Betyr det at sikkerheita ikkje er god nok?

– Det ligg jo eigentleg ei erkjenning i det me gjer som betyr at me kan gjere noko meir.

Ho understrekar at angrepet var eit skadeverk, og ikkje eit innbrot.

– Det er ein vesentleg skilnad. Det er ikkje snakk om eit ran, og ingen har endra noko i våre system.

DnB: – Me sparar ikkje på noko

Vidar Korsberg Dalsbø i DnB meiner dei gjer alt dei kan for at tryggleiken til ei kvar tid skal vere den beste.

– Me oppfattar tryggingsløysingane våre som dei beste som er på marknaden. Det utfordrande med slike angrep er at ein ikkje kan heilgardere seg mot dei. Det dreier seg om hærverk.

– Kan de gjere meir for å sikre dykk mot slike dataangrep?

– Av våre totale utgifter står IT for ein svært stor del av budsjettet. Me har som mål å vere lengst framme med teknologien, me er heilt avhengige av det. Det blir ikkje spara på noko når det gjeld tryggingstiltak seier Dalsbø.

Vidar Korsberg Dalsbø

HÆRVERK: – Det utfordrande med slike angrep er at ein ikkje kan heilgardere seg mot dei. Det dreier seg om hærverk, seier Vidar Korsberg Dalsbø i DnB.

Foto: DNB

Sparebank 1: – Vurderer å melde 17-åringen

Sparebank 1 blei i lita grad råka av dataangrepet fordi dei oppdaga det tidleg. Me gjer alt me for å hindre at det skal skje, seier kommunikasjonssjef Sissel Grieg Wiig.

– Me prøver så godt me kan å liggje i forkant, og føler me gjer det me kan gjere.

– Som bank har me ei viktig samfunnsrolle. Me vurderer no å melde saka til politiet, fordi det var eit alvorleg angrep på oss, seier Wiig som understrekar at det ikkje er snakk om noko pengekrav.

– Det var umogleg å komme inn til oss, men angrepet er alvorleg nok.

Storebrand: Har ikkje sett i gong tiltak

Tysdagens dataangrep dreia seg ikkje om eit innbrot i nettsidene til dei norske selskapa. Ingen personinformasjon eller andre sensitive opplysingar har komme på avvege, og 17-åringen er førebels berre sikta for skadeverk.

Kommunikasjonsdirektør i Storebrand, Elin Myrmel-Johansen seier dei samarbeider med dei eksterne leverandørane sine av tryggingstenester for å unngå at eit slikt angrep skjer igjen.

– Me har ikkje per i dag sett i gong ekstraordinære tiltak som følgje av DDos angrepet som råka Storebrand og kundane våre. Det kan godt vere at nye tiltak vil bli sett i gong på eit seinare tidspunkt, men dette er det for tidleg å seie noko om no.

Klarte ikkje å ta ned alle nettsidene

– Me har som mål å vere lengst framme med teknologien, me er heilt avhengige av det. Det blir ikkje spara på noko når det gjeld tryggingstiltak.

Vidar Korsberg Dalsbø i DnB

Nordea blei også forsøkt utsett for dataangrepet tysdag, men systema fungerte som dei skulle og det blei difor med forsøket, seier pressevakt Johannes Stenwig. Også Danske Bank opplevde eit angrep tysdag.

– Forskjellen på Noregs Bank og mange andre som blei ramma var at nettsidene våre aldri var nede. Men me registrerte at det skjedde eit angrep, seier kommunikasjonsrådgjevar i Danske Bank, Even Landre.

Landre seier at IKT-avdelinga til banken i København ikkje vil kommentere kva banken vil gjere etter angrepet.