Hopp til innhold

Dette er veljarane Støre slit med å overtyda

OS (NRK): Jonas Gahr Støre lovar ein politikk tydeleg fundamentert langs Vestlandet. Men dei som sikra Erna regjeringsmakta for fire år sidan, er framleis mange langs Noregs gullkyst.

 Jonas Gahr Støre stakk innom bedriftseigarane i Vestmekaniske

PÅ FRIARFERD: Jonas Gahr Støre stakk innom bedriftseigarane i Vestmekaniske og Aquality måndag. Her møtte han blant anna prosjektleiar Karl Ole Lyngbø i Vestmekaniske.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Etter å ha tapt valet på Vestlandet i 2013, har Støre gjort det klinkande klart at det er avgjerande å sanka stemmer langs heile kysten. Sundag sparka han i gang Arbeidarpartiet sin rekordtidlege valkampanje på Cornerteateret i Bergen.

– Eg meiner me kan vinna mandat i alle fylke langs kysten, sa Støre då.

Møtte gründarar

I næringsområdet Heggdalen i Os møtte partileiaren måndag gründerane i Vestmekaniske og Aquality. Båe starta opp i 2015 og kan skilta med ei årsomsetjing på over ti millionar.

Bedriftene leverer utstyr og løysingar til ei næring norske styresmakter vil femdobla i løpet av dei neste åra. På vegen har dei henta kompetanse frå ei næring der nesten 40.000 arbeidsplassar har forsvunne på kort tid.

– Det er spanande å sjå at dei har treft ein ny marknad og samstundes nytta kompetanse frå olje- og gassnæringa, seier Støre.

Han var oppteken av å snakka om omstilling av arbeidsplassar og verdien av kompetente arbeidsfolk då han var innom verkstaden ein times tid.

Jonas Gahr Støre stakk innom bedriftseigarane i Vestmekaniske og Aquality måndag

PÅ VESTLANDSTUR: Gahr Støre helser på gründerane i Vestmekaniske og Aquality.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– På kollisjonskurs

Prosjektleiar Karl-Ole Lyngbø i Vestmekaniske var mest oppteken av å snakka om utfordringar. Etter at oljeprisen tok til å falla i 2014, har talet på nye bedrifter gått i taket. 2016 var eit rekordår med dryge 60.000 nyetableringar, viser tal frå SSB.

– Det er ingen problem å driva ei lita bedrift med fire tilsette og slita for å få hjula til å gå rundt. Men for å bygga opp selskapet til å ha mellom ti og tjue mann må du kapital i oppstarten, seier Lyngbø, som saknar meir smidigheit og mindre byråkrati frå styresmaktene.

Difor trur han mange næringslivsaktørar på Vestlandet vil gje Erna Solberg sjansen på nytt. 15 milliardar i auka skatteinntekter smakar dårleg i Hordaland.

– Skattelette dei tre-fire første åra hadde hjelpt mykje på. Eg trur Ap-politikken er på kollisjonskurs med måten me driv på.

Støre: – Vil ha meir målretta gründerstøtte

Støre går ikkje med på at Ap-politikken ikkje harmonerer med bedriftseigarane sine behov. Han minner om at det var Ap som i si tid sette ned selskapsskatten.

– Me ynskjer meir målretta støtte til gründerar som kjem seg gjennom den vanskelegaste fasen. Me har føreslege ei ordning der private og offentlege går inn 50–50 i ein «gründerpakke» og støttar oppstartsbedrifter når dei kjem i gang.

Arbeidarpartiet vil òg vurdera nye skatteincentiv for oppstartsbedrifter dersom dei kjem i regjering.

– Eg meiner me er eit godt alternativ for nettopp små bedrifter som denne. Kanskje viktigast av alt er det at bedrifter får oppdrag og at det er aktivitet. Det er der me skal trå til.