Mange har nok drøymt om å eige ei av Coco Chanels ikoniske tweed-jakker. Syr du den sjølv kan du gå for den klassiske i rosa eller kvit med svart kant, eller lage din eigen vri, med andre stoff og fargar.
Jakka er overkommeleg å få til for alle, men på vegen vil du møte ei utfordring: å få ermet til å passe i ermeholet ved skuldra.
Toppen av ermet skal nemleg vere større enn ermeholet, for at ermet skal passe over skulderkula og falle fint. Her viser me deg korleis du får dette til ved hjelp av holdningstråd.
Denne teknikken kan du bruke på alle plagg der den eine delen er større enn den andre, som på eit skjørt som skal passe til ein smalare linning, eller på den nedste kanten av eit erme som skal passe til ein smalare mansjett.
Slik gjer du det:
1. Set maskina si stinglengde på ca. 4 mm, og legg stoffet med rettsida opp. Fest tråden ca. 5 cm inne på ermet. Sy den fyrste saumen ca. 7 mm innanfor klippekanten, og avslutt saumen ca. 5 cm før ermet sluttar. Ikkje fest tråden på den eine sida, men la det henge ca. 15 cm tråd igjen.
2. Sy holdningstråd nr. 2. Den syr du ca. 3 mm innanfor den fyrste. Start og avslutt på same måte som sist. (Ved 10 mm saumrom, syr du ermet til ermeholet i holdningstråd nr. 2)
3. No kan du gjere omkrinsen til ermet mindre og forme ermetoppen. Det gjer du ved å dra i holdningstrådane som ligg på vranga.
4. Det ferdig påsydde ermet skal ikkje ha synlege rynker, så du må difor «halde» meir enn du skal rynke ermet.
5. Sy så ermet saman, rette mot rette. Damp og vreng.
6. Då har du eit erme som passar i ermeholet.