NRK Meny
Normal

Dette er Hordalands flottaste ferjetur

Etter at NRK har farta rundt på alle dei 19 sambanda i fylket, er vinnaren endeleg kåra. – Dette er stor stas, seier fartøysjefen på MF Kvinnherad.

MF Kvinnherad

DEN FLOTTASTE TUREN: MF Kvinnherad på sambandet Utåker–Matre–Skånevik, er av NRK kåra til det flottaste ferjesambandet i fylket.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Etter 19 flotte og mindre flotte ferjeturar i Hordaland fylke, er dommen frå ferjeanmeldar og NRK-reporter Oddgeir Øystese klar:

Det er ferjesambandet Utåker-Matre-Skånevik som byr på den flottaste ferjeturen i fylket.

– Ferja skårar best på service og fasilitetar, med ein kafé som byr på heimelaga vaflar, sveler og potetstappe, i tillegg til komlemiddag kvar torsdag, seier Øystese.

Han gir i tillegg plusspoeng for frosta HSD-logo på glasdører i salongen, og det faktum at bilane må rygga på ferja ved Matre kai.

Totalt fekk ferjesambandet 27 av 40 moglege poeng (sjå lista nedst i saka).

Mannskapet på MF Kvinnherad

KAKEFEIRING: Førsteplassen i kåringa vart feira med kake på MF Kvinnherad då seieren var eit faktum. Frå v: Overstyrmann Dan Kristiansen, maskinsjef Åge Gausvik, kaptein Frode Eidsvik, matros Haktor Slåke, kafeteriamedarbeidar Tereza Nesterko og billettør Lukas Bøthun.

Foto: PRIVAT

Stor entusiasme

Kåringa har vore høgst subjektiv og entusiasmen frå lyttarar og lesarar har vore stor. For kvar sak som har gått på radioen og blitt publisert på nett, har NRK-reporter Oddgeir Øystese fått tilbakemeldingar på telefon og mail.

– Folk følgjer med og er interessert i dette med ferjer. Det er noko som har vore med oss i alle år, og me er framleis avhengige av dei.

– Og folk skjønar at dette er ei subjektiv vurdering, og ikkje fasiten. Dette kan kanskje vera ein guide til gode ferjeopplevingar i fylket, seier Øystese.

Radiosending frå ferjedekket

Ørjan Handeland er fartøysjef på MF Kvinnherad som trafikkerer sambandet for Norled.

– Det er stor stas å få så mykje skryt, det betyr noko for oss og det er veldig kjekt, kommenterer Handeland.

– Eg har ein flott gjeng om bord som gjer ein god jobb.

MF Kvinnherad

Fartøysjef Ørjan Handeland har full kontroll på MF Kvinnherad, og skryt av mannskapet om bord.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Og mannskapet får moglegheita til å visa seg ekstra godt fram i løpet av månaden. Fredag 26. august sender NRK Hordaland heile si ettermiddagssending på P1 direkte frå MF Kvinnherad.

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Se forskerne undersøke hvalen
Det aller første julemarkedet i Bergen er en suksess. Den første uken det har vært åpent har tusenvis av mennesker vært innom.