Hopp til innhold

Dette er dei viktigaste valsakene på Stord

Bykommunen Stord er størst i Sunnhordland med sine 18733 innbyggarar. Kommunestruktur og eigedomsskatt er viktige saker også her. Dessutan går det føre seg ein ordførarduell mellom Høgre og Ap.

Flyfoto av Leirvik og Stord

LERIVIK: Skal Leirvik bli sentrum i ein ny storkommune?

Foto: Harald M. Valderhaug

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

SJÅ STORD-DEBATTEN FRÅ VALFERJA:

Hvilken kommune er naturlig å se mot for sammenslåing for Stord? Det var blant temaene fra debatten.

1. Ordførarduellen

Det går føre seg ein kamp mellom Harry Herstad frå Ap og sittande høgreordførar Liv Kari Eskeland. Det er ein personkamp, og ikkje berre ein partikamp.

2. Kommunesamanslåing

Regjeringa har oppfordra kommunane til å slå seg saman for at oppgåver som barnevern, kommunal drift og planlegging skal løysast betre og meir effektivt i større fagmiljø.

Stord er ein mogeleg samarbeidspartnar for alle kommunane i Sunnhordland. Mange vil ha Leirvik som eit kommunesentrum i ein storkommune.

Somme trur ein større kommune vil få større sjølvråderett.

KrF meiner at det ikkje er sjølvsagt at større kommunar er betre for tenestetilbodet og andre utfordringar. Stord Høgre meiner ein større kommune kan gje auka kvalitet på tenester og gjera det lettare å rekruttere tilsette med naudsynt kompetanse.

3. Eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som kommunestyret kan vedta, og skatten inngår i finansiering av kommunale tenester som skule, barnehage og eldreomsorg.

Stord har i dag eigedomsskatt. Ap, KrF, SV og Sp er imot at denne skal fjernast.

SV meiner at ein må sjå dette opp mot den økonomiske situasjonen i kommunen.

Arbeidarpartiet ønsker at eigedomsskatten skal vera som den er, men at den skal brukast til investeringar i skule, eldreomsorg og vedlikehald av eigedomar.

Høgre og Stordlisto meiner eigedomsskatten må fjernast fordi kommunen no er ute av ROBEK-lista.

4. Privatisering

Reinhaldet av kommunale bygg i Stord er i dag gjort av private selskap. Somme meiner det bør gjerast om på, slik at reinhaldet i kommunale bygg blir gjort av kommunalt tilsette.

SV peikar på at lågare lønn og dårlegare rettar for reinhaldarane er årsaka til at tenesta er billigare.

Høgre og Dei Kristne meiner derimot at dagens løysing er god. Høgre peikar på at kommunen har spart pengar, og at kvaliteten er god.

MDG vil ikkje ta tilbake reinhaldstenesta med mindre brukarane er misnøgd.

  • LES ÓG:

5. Ny ferjekai

Det må byggast ny ferjekai på Stord slik at overfarten til Kvinnherad vert så kort som råd, meiner fleire av partia.

Ferja til Ranavik i Kvinnherad går i dag frå Skjersholmane. Dette er ein omveg samanlikna med Leirvik, der kaien låg før.

Stord SV meiner at Skjersholmane vil vere ferjeleie til Kvinnherad til ny E-39 er bygd.

Ap sitt standpunkt er at Jektevik – Sunde vil vere den beste løysinga for lang tid framover.

6. Nedgang i oljenæringa

Mange på Stord jobbar mot oljenæringa.

Dei fleste partia meiner Stord kommune må hjelpe til med omstilling i oljenæringa sidan arbeidsplassar forsvinn.

Høgre ynskjer å leggja til rette for nye etableringar og aktiv gründerverksemd. Lærlingordningar både i privat og offentlege tenester må styrkjast.

Ap meiner staten må hjelpe til, medan KrF meiner bedriftene sjølve ta omstillingane.