NRK Meny
Normal

Dette er dei viktigaste sakene på Bømlo

Storkommune i Sunnhordland, ny ungdomsskule og legevakt tilbake på øya? Her er ei oversikt over dei viktigaste sakene i Bømlo kommune før valet.

Trekantsambandet i Hordaland

STORKOMMUNE i SUNNHORDLAND?: Politikarane vil la innbyggjarane få røyste på om Bømlo skal slå seg saman med andre kommunar eller ikkje. Biletet syner Trekantsambandet. Øvst ser du Stordabrua og E39 nordover, medan Bømlabrua og fylkesveg 542 vestover ligg nærast kamera.

Foto: Sunde, Helge / Samfoto

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

1. Bygging av ny ungdomsskule

Det er planlagd ny ungdomsskule på Bremnes. Dagens skule rundar 60 år i år og er ikkje godkjend til bruk. Men ein ny ungdomsskule plassert på Svortland vil bli særs dyr, truleg mellom 150 og 200 millionar kroner. Somme meiner kommunen bør gå for ei billegare løysing.

Rådmannen i kommunen tilrådde i fjor å bygga heilt ny skule. Eit anna alternativ er å kjøpa den vidaregåande skulen av fylkeskommunen og bygga den ut for å slik samlokalisera dei ulike trinna.

Ap, Høgre, sentrumspartia og Venstre meiner ein bør gå for opphavleg plan om ny skule, og spørsmålet er kva partiet som har mest truverd til å få byggeplanane realisert.

Bremnes ungdomsskule på Bømlo

Bremnes ungdomsskule er ikkje godkjend for bruk i dag.

Foto: Bremnes ungdomsskule

2. Kommunesamanslåing

Politikarane på Bømlo vurderer å la innbyggjarane bestemme om dei skal jobbe for ei samanslåing med nabokommunar. Regjeringa har gitt kommunane frist til juni 2016 med å fatte vedtak om samanslåing. Spørsmålet er om Bømlo skal stå som kommune for seg sjølv, eller om ein skal slå seg saman til ein storkommune i Sunnhordland.

Dagens Bømlo kommune er eit resultat av ein samanslåing av tre kommunar tilbake i 1963; Bremnes, Moster og Finnås. Bømlingane har i dag ferjefri forbindelse til Sveio og Stord. Med ferjefri E39 vil Bømlo og Stord også bli knytt til Tysnes med bru over Langenuen.

Alle parti på Bømlo er i mot kommunesamanslåing og det er noko dei også vil kjempa for. Politikarane meiner kommunen er stor nok til å klare seg sjølv.

Ap-ordførar Odd Harald Hovland er i mot samanslåing, men sa under 50-årsjubileet for to år sidan at han ikkje såg for seg fleire jubileum for kommunen.

Ei aktuell samanslåing vil vera Bømlo, Stord, Fitjar og Tysnes. Kva utfallet for Bømlo blir kan avhenga av kva andre kommunar kjem fram til.

3. Legevakt på Bømlo

Bømlo har i dag eit samarbeid med fleire av nabokommunane om ei legevakt. Sunnhordland interkommunale legevakt er plassert på Stord og opna i fjor vinter.

Det er brei semje om å behalda ordninga slik den er i dag. Ap, Frp, sentrumspartia og SV meiner løysinga med legevakt på Stord er betre og meir forsvarleg enn då ein hadde legevakt på Svortland.

Høgre vil derimot ha tilbake tilbodet på Bømlo ved å ha legevakt inn på den nye sjukeheimen på Bremnes. Partiet frontar denne saka veldig i valkampen.

Men Bømlo Høgre innser at det blir vanskeleg å få legevakta tilbake om ikkje dei andre partia snur i saka.

4. Ung eller gamal ordførar?

Ordførar Odd Harald Hovland på Bømlo

Odd Harald Hovland er Ap sin ordførarkandidat.

Foto: Privat
Anri Håvard Hebib

Anri Håvard Hebib er Høgre sin ordførarkandidat.

Foto: Privat

Det er noverande ordførar Odd Harald Hovland som er Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat. Han har vore ordførar i kommunen sidan skiftet ved kommunevalet i 2011. Den tidlegare lensmannen på Stord tok over etter at Høgre hadde ordføraren i tolv år frå 1999 til 2011.

53-åringen sin største motstandar er 21 år gamle Anri Håvard Hebib, som stiller som ordførarkandidat for Høgre. Hebib er oppvaksen på Svortland, men bur i dag i Bergen der han studerer ved høgskulen.

Spørsmålet for veljarane er om dei vil behalda ordføraren med erfaring, eller om unge krefter skal ta over. Dei siste meiningsmålingane gir Ap og Hovland eit favorittstempel.

Aldersforskjellen er stor, men Høgre har håp om at unge krefter skal gi dei ordføraren i kommunen igjen. At unge politikarar stiller til val som ordførarar er ikkje noko nytt. Frp gjorde stor suksess med 23 år gamle Helge Andre Njåstad i Austevoll.

5. Eigedomsskatt

Bømlo har i dag ein eigedomsskatt på 4 promille. Det utgjer i snitt 5000 kroner i året for ein einebustad på 120 kvm. Det er høgare enn i dei fleste kommunar i Hordaland. Skattepengane vert brukt til å finansiera kommunale tenester og kommunen kan stå føre ein del økonomiske utfordringar dei neste åra.

Motstandarane meiner skatten er urettvis. KrF, MDG og SV er heilt usamde i at eigedomsskatten bør fjernast og syner til at den er heilt naudsynt for å dekke utgiftene kommunen har.

Frp vil fjerna skatten medan Høgre vil jobba for å halde den så låg som mogleg. Også Venstre har sagt at dei vil jobbe for å fjerne skatten.

SE HELE BØMLO-DEBATTEN FRA NRKS VALGFERGE:

Lokaldebatten med Bømlopolitikerne fra Valferja

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik