NRK Meny
Normal

Dette er årets reisetrendar

Sør-Europa, USA og Asia står sterkt. Men måten nordmenn reiser på er i ferd med å endra seg, meiner reisebloggar.

SRI-LANKA-SOCIETY-LEISURE

PÅ FRAMMARSJ: Sri Lanka er blant reisedestinasjonane som nordmenn er i ferd med å oppdaga, ifølgje reisebloggar Janicke Hansen.

Foto: LAKRUWAN WANNIARACHCHI / Afp

– Det å designa sin eigen ferie er «in». Charter- og pakkereiser er ut. Folk blir meir og meir medvitne på lokale tradisjonar, «grøn turisme» og ansvarleg reising.

Det seier Janicke Hansen, ein av svært få nordmenn som driv reiseblogg på heiltid.

Er det éin ting nordmenn er flinke til, så er det å identifisera konstruerte turistfeller.

Janicke Hansen, reisebloggar

I fjor la bergenskvinna bak seg 160 dagar på reisefot og vitja 14 land på 35 reiser i inn- og utland.

– Den internasjonale trenden er at reisande er meir miljøvenlege, tek meir lokale omsyn og er blitt meir opplyste.

Janicke Hansen

HEILTIDSJOBB: Reisebloggar Janicke Hansen er ein av sju nominerte til prisen for årets reisebloggar. Hansen er ein av få nordmenn som har reiseblogging som levebrød.

Foto: Privat

Nordmenn aukar feriebudsjettet

I løpet av dei tre første kvartala i fjor drog nordmenn på 17,8 millionar reiseturar.

Og det ligg an til å bli fleire i år.

Me ser en tendens til at reiser og opplevingar er noko me set pris på og ynskjer å bruka meir pengar på. Nordmenn investerer både tid og pengar i det å skapa minner saman på ferie.

Terje Berge, kommersiell direktør i FINN reise

Ei undersøking gjort av Norstat for Finn reise viser at reiser i større grad vil prega nordmenns private forbruk i 2017.

36 prosent svarar at dei føretrekker å bruka pengar på å reisa, i staden for klede, bustad, og fritidsinteresser.

Gresk ferieøy

HELLAS: Dei greske øyene er framleis blant nordmenn sine feriefavorittar.

Foto: norskereiseblogger.no

Styrer unna turistfeller og dyr i fangenskap

Dei siste åra har fleire nordmenn valt å feriera heime og dei som har reist til utlandet har i større grad valt fekk charterturar.

Det er ein trend som vil halda fram, meiner Hansen.

Ei trendspaning frå Ticket feriereiser viser at årets store rakett ser ut til å bli USA, men også Thailand, Hellas og Kroatia er store vinnarar. Australia og London er årets store overraskingar.

Lonely Planet er verdas største utgjevar av reisehandbøker. Kvart år lanserer dei sine lister over anbefalte reisemål:

Men reiseekspertane ser ei tydeleg dreiing i reisemønsteret til nordmenn.

– Nordmenn vil ha ekte opplevingar og oppleva kulturen i landet me er i.

Nordmenn er blitt meir ansvarlege med åra og tenkjer i større grad konsekvensar av aktivitetane ein deltek på når ein er i utlandet.

Janicke Hansen, reisebloggar
VIETNAM-ANIMALS-CONSERVATION-ELEPHANTS

DYREVELFERD: Svømming med delfinar og elefantridning i Asia er døme på aktivitetar turistar i større grad har styrt unna dei seinare åra, meiner Hansen. Fokus på dyrevelferd er grunnen. Her frå Vietnam.

Foto: HOANG DINH NAM / Afp

Bilferie, fjellturar og landsbygda

Hansen deltek på fleire internasjonale reisetreff- og konferansar i året. Utviklinga dei siste åra er tydeleg.

– Bilferiar er på frammarsj. Gjerne kombinert med fjellturar og sykkelturar på landsbygda. Europeiske storbyar er framleis ein feriefavoritt for mange, men fleire flyavgangar til dei nest største byane har gjort utvalet større, seier reisebloggaren.

– Fleire nordmenn hoppar difor av den trygge turiststraumen, og oppsøker dei mindre kjende reisemåla i Europa.

Kanal Navigli Milano, Italia

MILANO: Nordmenn reiser oftare til den mindre storbyane. Her frå kanalen i bydelen Navigli i Milano i Italia.

Foto: norskereiseblogger.no

Her reiser nordmenn i år

Trass små endringar i reisemønster, er Sør-Europa framleis nordmenns favorittreisemål, om ein ser vekk frå nabolanda Sverige og Danmark. Det same er storbyferiar i Europa.

– USA er ei heit potet som reisemål. Asia vil koma mykje meir. Vietnam, Sri Lanka og Malaysia peikar seg ut som populære destinasjonar. Desse landa er mindre vitja og meir eksotiske, ifølgje Hansen.

Neste helg er ho éin av sju nominerte til prisen for Årets reiseblogg under Reiselivsmessen.

Ho har eitt tips om du funderer på å spikra sommarferien allereie.

– Akkurat no har dei fleste flyselskapa knallprisar. Viss du veit kor du skal er tida inne for å bestilla.

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit