Hopp til innhold

Bergen står i den største politiske krisa på 20 år. Slik kan Vigilo-saka ende

Fleirtalet i bystyret i Bergen har ikkje lenger tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap). Byrådsleiaren seier byrådet vil gå av når mistilliten blir vedteke. Men mykje kan hende før det.

Harald Victor Hove (H), byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) og Mikkel Grüner (SV) møttest til debatt i morgonsendinga fredag.

Eit fleirtal i bystyret i Bergen har ikkje lenger tillit til skulebyråd Linn Kristin Engø på grunn av Vigilo-saka.

Det blei klart etter SV, Høgre, Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Frp hadde møter torsdag kveld. Til saman har dei 34 representantar i bystyret, akkurat nok til at skulebyråden må gå når bystyret gjer sitt vedtak.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) var tilsynelatande mest overraska over at SV si bystyregruppe også landa på same konklusjon.

Valhammer har sagt at heile byrådet vil gå av om bystyret vedtek mistillit mot Engø.

Krisa er den største sidan Bergen innførte parlamentarisme i år 2000. Mistillitsforslag har blitt fremma fleire gonger, men aldri før har det vore fleirtal for eit slikt forslag.

Dette er dei moglege utfalla av byrådskrisa:

1. Byrådet går av på bystyremøtet i mars

Byrådsleiar Roger Valhammer seier heile byrådet vil gå av om mistillitsforslaget blir vedteke. Det kan fyrst skje på bystyremøtet i mars.

Det er i dette møtet Valhammer formelt kan stille kabinettspørsmål og få fleirtalet mot seg. Byrådet kan difor sitte heilt fram til dette møtet.

Roger Valhammer

KABINETTSPØRSMÅL: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) vil ikkje la skulebyråden ta støyten åleine. – Dette skjedde også på mi vakt, og er noko vi i fellesskap må ta ansvar for.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

2. Skulebyråden trekker seg

Skulebyråd Linn Kristin Engø kan velje å trekke seg før mistillitsforslaget kjem til votering i bystyret i mars.

Det ville gjort det mogleg for byrådet å halde fram, sidan opposisjonen berre har fremma mistillit mot skulebyråden, og ikkje heilt byrådet. Men NRK kjenner til at Engø har blitt oppmoda av partiet om ikkje å trekke seg.

– Det er ikkje aktuelt å la Engø gå for noko som eg og fleire andre også har ansvar for, seier Valhammer.

Vigilo høyring Bergen

HØYRING: Skulebyråd Linn Kristin Engø (Ap) under høyringa om Vigilo-saka. Engø har så langt ikkje ynskja å svare på spørsmål om at det er fleirtal for mistillit mot ho.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

3. Byrådet trekker seg før mars

Byrådet står fritt til å trekke seg når som helst. Men Roger Valhammer har sagt at det ikkje er aktuelt.

Han gjentok fredag at han vil stille kabinettspørsmålet i bystyremøtet i mars om eit fleirtal i bystyret vedtek mistillit mot skulebyråden.

4. Nokon snur før mars

Byrådet kan bruke tida fram til mars til å få fram informasjon som kan verke formildande for skulebyråden, og forsøke å få SV eller eit av dei andre partia til å ikkje stemme for mistillit.

Valhammer seier det er teiepliktig informasjon som ikkje skulebyråden kunne legge fram i den opne høyringa tysdag som han meiner opposisjonen bør kjenne til.

Mikkel Grüner seier han har liten tru på at dei vil endre standpunkt på grunn av opplysningane.

– Eg er ganske sikker på at den type informasjon ikkje finnast. Då vil ein etterlate eit inntrykk av at ein vil bagatellisere historiene til nokre av desse kvinnene. Det vil ikkje eg akseptere.

Mikkel Grüner under Vigilo-høring i Bergen

SPEL: Mikkel Grüner og SV har ikkje tillit til skulebyråden, men reagerer på at byrådsleiaren legg heile byrådet i potten. – Valhammer spelar eit spel mot seg sjølv som han held på å tape.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Høgre vil få spørsmålet

Om byrådet går av vil ordførar Marte Mjøs Persen be Høgres Harald Victor Hove danne eit nytt byråd. Men det kan bli vanskeleg for Hove å få på plass eit fleirtal.

Folkeaksjonen nei til meir bompengar og Frp er ikkje nok. Hove vil difor truleg prøve å få KrF og Venstre over på borgarleg side.

Klarer han ikkje å få eit fleirtal, kan spørsmålet kome tilbake til Roger Valhammer. Då må i så fall Arbeidarpartiet danne eit nytt byråd utan Linn Kristin Engø.

– Veldig spesiell situasjon

Sølve Rydland, politisk kommentator i NRK Vestland, er overraska over at Valhammer har sett heile byrådet i spel.

– At Engø gjekk frivillig på eit seinare tidspunkt ville vere det normale i denne situasjonen, om Valhammer ikkje hadde stilt kabinettspørsmål. Men no har i staden byrådet kasta alle korta, seier Sølve Rydland.

– Det er nesten ufatteleg at byrådsleiar Roger Valhammer vel eit såpass desperat verkemiddel som kabinettspørsmål er.

Rydland meiner byrådet kunne ha sleppe unna med krass kritikk, men at Valhammer i staden provoserte SV, som kunne ha redda byrådet. No kan det vare heilt til mars før kva som skjer vidare blir endeleg avgjort.

– Det er ein veldig spesiell politisk situasjon i Bergen no.

Bakgrunn: