Hopp til innhold

Det unike elevprosjektet er seld for 320.000 kroner – Ein tredel går til å hjelpa andre

BERGEN (NRK): Salet av minihuset gjer Kirkens Bymisjon 100.000 kroner rikare. – Heilt fantastisk, jublar innsamlingsleiar Tine Wahlstrøm.

Minihusprosjekt

OVERRASKA: - Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så mykje pengar til Kirkens Bymisjon, seier Caroline Furnes (t.h.) frå Laksevåg vidaregåande skule. Her med medelev Helene Nilsen i minihuset.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Det 15 kvadratmeter vesle huset står utanfor Årstad vidaregåande skole i Bergen. No har det fått ny eigar og er klar til å slå rot på ei ny tomt. Overskotet av salet går uavkorta til Kirkens Bymisjon.

– Har gjort eit bra kjøp

– Det har vore ein lang prosess, men me er veldig fornøgd, seier avdelingsleiar Arthur Tøsdal ved Årstad vidaregåande skole.

Huset låg ute for sal med ein startpris på 290.000 kroner. Etter ein bodrunde onsdag ettermiddag, blei det seld for 320.000 kroner.

– Kjøpar har i alle fall gjort eit bra kjøp, det er heilt sikkert, seier Tøsdal.

Minihusprosjekt

BODRUNDE TYSDAG: Fleire interesserte kjempa om å få sikra seg minihuset. Vinnaren blei ei kvinne som gav 320.000 kroner.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

Ville hjelpa andre

NRK fortalde i desember om det unike samarbeidet mellom tre vidaregåande skular i Bergen.

Minihuset kom til på initiativ frå elevar på elektrofaglinjen på Årstad vidaregåande skule og er bygd med hjelp frå to andre skular med handverkarelevar.

– Me såg at dette ville bli veldig god læring for elevane. Det var noko ekte, ikkje noko som skulle rivast og kastast igjen, sa Tøsdal til NRK i desember.

Stor gevinst for bymisjonen

Årstad vidaregåande har brukt i overkant av 200.000 av eiga lomme på prosjektet. Når disse pengane er trekt frå salssummen, anslår Tøsdal at det blir rundt 100.000 kroner igjen til Kirkens Bymisjon.

– Disse pengane kjem utruleg godt med. Utruleg at noko så lite kan genere så mykje. Me kan få til veldig mykje for 100.000, seier innsamlingsleiar Tine Wahlstrøm i Kirkens Bymisjon.

– Vi ser at mange unge menneske engasjerer seg og har lyst til å gjere noko for å få eit betre samfunn. Det gjer håp, og det treng me i disse tider, seier ho.

Tina Wahlstrøm i Kirkens Bymisjon

JUBLAR: Tina Wahlstrøm er innsamlingsleiar i Kirkens Bymisjon.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

– Smiler frå øyre til øyre

Elevane sjølve er jublande glade for at salsprosessen enda med eit sekssifra beløp til Kirkens Bymisjon.

– Kjempebra! Eg hadde ikkje trudd det skulle bli så mykje. No smiler eg frå øyre til øyre, seier Caroline Furnes, tømrarelev ved Laksevåg vidaregåande skule.

Elevane sa til NRK sist at huset burde få stå på ein flott stad med sjøutsikt.

Kor huset hamnar no, er usikkert. Inntil vidare blir det ståande utanfor Årstad vidaregåande fram til huseigar får ordna transport.

– Dette er første bustaden hennar, og vi veit ikkje kor det skal fraktast, seier Arthur Tøsdal på skulen.