Politikarane vil gjere det ulovleg å byggje nye bustadar med bruksareal mindre enn 35 m². I tillegg skal minst 20 prosent av nye bustadar i den såkalla byfortettingssona vere over 80 m².
Målet er å leggje til rette for familiar i byane.
– Dette er eit forsøk på å få kontroll på ei eksplosiv utvikling. Vi må få kontroll på korttidsutleiga og hyblifiseringa i Bergen, seier Anna Elisa Tryti, byråd for byutvikling i Bergen.
I kartet over kan du sjå kor det kan bli ulovleg å byggje hyblar.
NBBL: – Loven må regulere
Politikarane får støtte hjå interesseorganisasjonen Norske Boligbyggelags Landsforbund.
– Det må vere mogleg å kjøpe bustadar for å leige ut, men lova må regulere det, seier avdelingsleiar i NBBL, Henning Lauridsen.
Slik det er i dag, kan ei leilegheit på 120 m² enkelt bli delt opp med lettveggar og huse mellom ti og tolv leigetakarar, ifølgje han.
– Det er ikkje bra, verken for dei andre bebuarane eller dei som leiger hyblane, seier han.
Har kjempa i mange år
I november kunne NRK fortelje at bebuarar i Damsgårdsveien i Bergen var fortvila over at utleigarar hadde kjøpt opp 40 av leilegheitene for å drive hotellverksemd.
Velforeiningane i Bergen sentrum har i mange år kjempa mot ombygging av leilegheiter til små hyblar som vert leigd ut enkeltvis, såkalla hyblifisering.
– Søppeldunkane er overfylte, og ingen tek vare på områda rundt huset. Områda vert prega av dårleg stell, seier Sissel Lillebostad, leiar for Nygård velforeining.
Fryktar slumliknande tilstandar
Også resten av landet har opplevd liknande problem.
I mai i fjor bad Stortinget regjeringa om å kome med eit heilskapleg lovforslag som vurderer problemstillinga om hyblifisering, både i eigarseksjonslova og i plan- og bygningslova.
Lauridsen håpar det skjer i løpet av året.
– I verste fall kan ei auke i utleigeeiningar føre til slumliknande tilstandar, seier han, og viser til Sverige og Danmark.
– Der er talet på folk som leiger på rundt 40 prosent. Det har ført til ein kraftig konsentrasjon av utleigebustader enkelte stader, og mange som bur der er fattige. Vi ynskjer ikkje slikt her i Noreg, seier han.
- Les også: Kamp mot eiendomsgigant
Bystyret avgjer i Bergen
I Bergen vil kommunen også innføre søknadsplikt for å dele opp leilegheiter. Samstundes skal dei skjerpe kontroll og tilsyn med utbyggjarar og huseigarar.
– Vi vil også vurdere å avgrense kor mange døgn i løpet av eit år at ein kan leige ut delar av leilegheita, fortel Tryti.
Saka var ute på høyring i haust, og skal opp i bystyret i løpet av året.