Hopp til innhold

Det einaste dette partiet vil ha...

.. er eit symjebasseng.

Basseng
Foto: Ill.foto:

Gjermund Storaas, Bygdeliste for Norheimsund

HAR BERRE EI SAK: Gjermund Storås kjempar for basseng i Nordheimsund.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Bygdeliste for Norheimsund i Kvam kommune har berre ei stor sak på programmet. Det einaste dei vil ha er eit splitter nytt 25 meter langt symjebasseng.

– Berre ei stor sak på lista

– Ja dette tykkjer me er veldig viktig. No blir den største barneskulen i kommunen bygd, og den treng skikkelege fasilitetar for symjeopplæring, seier partirepresentant Gjermund Storås.

Og symjebassenget er stort sett den einaste saka partiet flaggar med i partiprogrammet.

– Fordelen med lista vår er at den er heilt påliteleg. Me står for dette me har skrive. Slik det er i dei andre partia er ein jo heilt avhengig av kva representantar som kjem inn, seier Storås.

Storås avviser blankt at det er noko merkeleg at partiet er stifta berre for bassenget sin del.

Kva med Byluftlisten då?

Bygdekrangel

Lokaliseringsstrider mellom Øystese og Norheimsund har i mange år prega kommunepolitikken. Spesielt tungt var det då Øystese fekk ungdomsskulen lagt dit.

Trass i at det er planar om eit nytt bade- og velveresenter i Øystese i same kommune, meiner Storås at det er behov for eit parti som kjemper for eit basseng i Norheimsund òg.

– Me meiner at eit basseng høyrer til på ein stor barneskule. Slik som det er no må ein bruke bassenget i den gamle ungdomsskulen.

– Kor mange reknar du med å få inn i Herdastyret då?

– Me meiner at alt meir enn tre mandat er ein siger.