NRK Meny
Normal

Det blir vanskeleg å få sommarjobb i år

I heile landet er det færre utlyste sommarjobbar enn det var i fjor. Verst blir det i Hordaland der det er 33 % færre utlyste stillingar.

Vatnøy, Bjordal, Said

FÅR IKKJE SOMMARJOBB: Arbeidsmarknaden er blitt tøffare. Dette går ut over ungdom som prøver å komme seg inn i arbeidslivet. Charlotte Bjordal (16), Camilla Vatnøy (16) og Mahammed Said (17) slit med å finne seg sommarjobb i år.

Foto: Kine Evensen / NRK

– Ingen av butikkjobbane eg har søkt på har svara. Eg har berre fått to svar der det står at eg må vere 18 år for å få jobben, seier 16-år gamle Camilla Vatnøy.

– Eg skal ikkje bu heime lenger. Då må eg klare meg sjølv, tene eigne pengar og betale alt sjølv. Det å få jobb er veldig viktig for meg.

16-åringen er ikkje åleine om å slite med å finne sommarjobb. I heile landet er det færre utlyste jobbar enn det var i fjor.

Verst blir det i Hordaland, der det er lyst ut 33 % færre stillingar enn i fjor på same tid.

LES OGSÅ: - Vi må ha mastergrad for å få jobb - Østfold

Ein tøffare arbeidsmarknad

Assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen, meiner årsaka til at det er få utlyste jobbar, skuldast at bedrifter er meir avventande til å tilsetje nye i år enn tidlegare.

– Me har fått tilbakemelding frå næringslivet om at arbeidsmarknaden er blitt tøffare. Det har ført til at talet på alle utlyste stillingar har gått ned i år samanlikna med i fjor, fortel Johansen.

LES OGSÅ: Svenskene strømmer til Norge - Fordypning

Ungdomane vert taparane

Dei som har alt å tape på dette er ungdomane som prøver å komme seg inn på arbeidsmarknaden.

– Det er viktig å ha sommar jobb. Det gjer at ein får referansar ein kan syne til når ein søker jobb seinare. Ikkje alle får den muligheita i år, og det er synd, seier Tommy Johnsen i NAV.

I tillegg til at det er færre jobbar å ta av, stiller arbeidsgjevarar no strengare krav til søkjarane sine. Det er ofte eit krav at søkjarane er 18 år eller eldre, og at ein har førarkort.

Charlotte Bjordal (16) tykkjer det er urettferdig at dei under 18 år blir stengt ute.

– At ein er 18 år er ikkje det same som at ein er moden for å ha ein jobb. Sjølv om me berre er 16 år, kan me likevel utføre jobben godt, meiner Bjordal.

Nasjonalt problem

Tommy Johansen

ARBEIDSMARKNADEN ER BLITT TØFFARE: Assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen, seier bedrifter lyser ut færre sommarjobbar i år enn i fjor.

Foto: NRK

Ungdom i heile landet får problem med å finne jobb i år, men dei som kjem til å slite mest er busett i Hordaland.

– Dette skuldast delvis at Hordaland hadde ei stor auke på slike utlysingar i 2013, seier Daniel Varne, statistikk og analyserådgjevar i NAV.

Talet på utlyste sommarjobbar gjekk opp med 24 % i fjor, mot 0 % i resten av landet.

– Men sjølv om ein tek høgde for dette, så er droppet i år vesentleg større enn at det kan forklarast med auken i tal på jobbar i 2013. Så det er ei nasjonal trend at det blir lyst ut færre feriejobbar og vikariat, fortel Varne.

Ikkje vent til etter eksamen

Assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen vil ikkje skremme folk frå å forsøke å få seg ein jobb i sommar.

– Fleire konkurrerer om færre jobbar. Men det er ikkje umogleg. Ein må vere kreativ, stå på og ikkje gje seg etter fyrste gong ein får nei.

– Men ein må søke no. Ikkje vent til etter eksamen, for då er du for seint ute, seier Johansen.

LES OGSÅ: Søk sommerjobb allerede nå - Vestfold

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.