Hopp til innhold

– Viktig å ramme Bergen hardast

5500 lærarar vil gå ut i streik frå måndag av, varslar Utdanningsforbundet. Aller hardast vil Bergen kommune blir råka.

Skulestreik

STORSTREIK: Nesten 900 lærarar i Hordaland er tatt ut i streik.

Foto: Ingrid Langeland Jensen / NRK

Leiar i utdanningsforbundet i Hordaland, John G. Thorsvik

MASSIVT UTTAK: John G. Thorsvik i Utdanningsforbundet seier det er naturleg at Bergen kommune blir hardt råka av streiken.

Foto: Ingvild Nave / NRK
Amalie Skram videregående skole

STØRST I HORDALAND: Dei 990 elevane ved Amalie Skram videregående skole, vil møte stengte dører første skuledag.

Dei 5500 lærarane jobbar på 132 forskjellige skular i 22 kommunar. Også 18 fylkeskommunar vil blir råka.

Over ti prosent av dei som er tatt ut er lærarar i Hordaland.

– Dette er eit massivt uttak som vil merkast godt. Men vi har mykje å gå på endå, seier leiar for Utdanningsforbundet i Hordaland, John G. Thorsvik.

  • Sjå liste over skulane som er tatt ut i streik nederst i saka.

– Viktig å gjere massive uttak i Bergen

I Bergen kommune vil totalt 742 lærarar vere i streik. Dette er inkludert dei vidaregåande skulane, som er eigd av fylkeskommunen. I tillegg til desse er også 131 lærarar i Askøy tatt ut.

– Bergen er den største medlemskommunen i KS, og det er naturleg at ei opptrapping vil merkast kraftig her, fortel leiar i Utdaningsforbundet i Hordaland, John G. Thorsvik.

Årsaka til streiken er samanbrot i forhandlingane mellom Utdanningsforbundet og KS. Utdanningsforbundet meiner KS viser mistillit til lærarane, og driv med overdreven detaljstyring av deira arbeidsdag.

Det var i føremiddag Utdanningsforbundet varsla at dei ville trappe opp streiken. Frå før var 36 lærarar ved Rothaugen skule tatt ut i Bergen.

Skulane vil vere stengt

– Vi ønskjer å legge press på arbeidsgivar, og forhåpentlegvis få ei rask løysing på dette slik at lærarane kan gå tilbake til arbeid. Bergen kommune har ein slik posisjon at vi trur dei kan påverke KS til å kome oss i møte, fortel Thorsvik.

Oslo kommune er ikkje medlem av KS, og vil difor ikkje blir råka av streiken. Dette gjer Bergen til eit viktig taktisk område for Utdanningsforbundet.

Årsaka til at Askøy blei valt ut som streikekommune er at ein ønska å ta ein kommune som låg rundt Bergen.

– Vi har så mange av lærarane i desse kommunane i vår medlemsmasse at det vil blir umogeleg å drive skule så lenge streiken pågår, fortel Thorsvik.

Kan bli ny opptrapping

Thorsvik har sympati for foreldrene som no vil slite med barnepass, og elevane som ikkje får kome i gang med skuleåret.

– Alle streikar vil til ei viss grad ramme ein tredjepart, og det er trist. Vi ønskjer med dette uttaket å markere at det først og fremst er arbeidsgivar vi vil ramme, seier Thorsvik.

Thorsvik utelukkar ikkje at det også vil bli ei ny opptrapping i bergensområdet.

– Vi har mange vi framleis kan ta ut i streik om det blir naudsynt. Det vil i så fall blir varsla fire dagar før sjølve opptrappinga.

DESSE SKULANE BLIR TATT UT I STREIK:

BERGEN:
Blokkhaugen skole
Breimyra ungdomsskole
Gimle oppveksttun skole
Hop skole
Lynghaug skole
Ortun skole
Rothaugen skole
Rå skole
Rådalslien skole
Storetveit skole
Ytrebygda skole
Amalie skram videregående skole
Arna vidaregåande skule
Bergen katedralskole
Bergen maritime videregående skole
Bergen tekniske fagskole
Langhaugen videregående skole
Lønborg videregående skole
Nordahl grieg videregående skole
Olsvikåsen videregående skole
U. pihl videregående skole
Åsane vidaregåande skule

ASKØY:
Erdal ungdomsskole
Kleppestø ungdomsskole
Ravnanger ungdomsskole
Askøy videregående skole