NRK Meny
Normal

Desse sakene avgjer valet i Kvinnherad

Kommuneøkonomi, eldreomsorg og skulenedlegging. Her er ei oversikt over dei viktigaste sakene i Kvinnherad før kommunevalet.

Marta (82) må bu på badet

BUDDE PÅ BADET: I 2013 vitja NRK Marta Øye, som måtte finna seg i å bu på badet på sjukeheimen i Ølve.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Vallogo

Utvalet bygger på kva partia har svart i NRKs Valgomat, partiprogramma, samt vurderingar av politiske journalistar i NRK.

1. Skulenedlegging og skulestruktur

Det blir arbeida med ein ny skulebruksplan i kommunen. I dag er det 20 skular i Kvinnherad. Somme har få elevar, men Kvinnherad er ein langstrakt kommune. Skulle nokre skular bli nedlagde, kan reiseavstandane bli store for ein del elevar.

Arbeidarpartiet vil prioritera bygging av ny skule på Husnes, men vil ikkje forskottera på korleis strukturen skal bli i neste periode før den nye skulebruksplanen ligg føre til debatt. Frp ønskjer ikkje å legga ned skular, også Høgre meiner nærskulane er viktige.

2. Eldreomsorg

Varaldsøy: Herstår det tomt

LAGT NED - OPNA: Sjukeheimen på Varaldsøy har både lukka og opna dørene dei siste åra. Institusjonen måtte betala for dårleg kommuneøkonomi i 2012.

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

Eldreomsorgen i Kvinnherad har fått mykje kritikk.

Frå å vera ein velståande kommune i mange år, hamna Kvinnherad på ROBEK-lista i 2012 og var nøydde til å gjera grep. Same hausten vart sjukeheimen på Varaldsøy nedlagt, før den opna mellombels igjen i fjor.

Rosendalstunet skal byggast ut og vil få 60 plassar. Høgre, Sp, MDG, SV/Raudt vil framleis ha aldersheim på Varaldsøy, også etter at Rosendalstunet er ferdig utbygd.

Maten til institusjonar i Kvinnherad vert i dag levert av Helse-Bergen. Det er brei politisk semje om at kommunen sjølv bør syta for maten til sjukeheimane sine, framfor at det vert laga av Helse Bergen.

3. Økonomi

Økonomien har betra seg i Kvinnherad, og kommunen står ikkje lenger på ROBEK-lista. Likevel er det viktig for kommunen å sikra seg meir inntekter. Kvinnherad har ikkje eigedomsskatt på privatbustader i dag, men den er vedteken innført frå 2016.

Frp meiner skatten ikkje er naudsynt for å redda kommuneøkonomien, medan Høgre vil jobba for å halde den på eit så lågt nivå som mogleg. Også Venstre vil kutta eigedomsskatten. Både Sp, MDG, Ap og SV/Raudt står for å innføra skatten i frå 2016.

Kvinnherad har i dag omlag 600 millionar kroner investert i aksjer. Pengane i fondet gjev god avkastning, men ved dårlege år på børsen kan kommunen tape pengar. Både Arbeidarpartiet og Høgre vil bruke pengar frå fondet til å investere i infrastruktur i kommunen. Frp og MDG er meir tilbakehaldne.

Siste video

Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik
Programleder: Jan Børge Leirvik