Hopp til innhold

Desse planane er det «ingen» som er nøgd med: – Vil utradera Fisketorget

TORGET, BERGEN (NRK): Verken byrådsleiaren, byarkitekten eller torghandlaren er heilt nøgde med nytt designforslag for det omdiskuterte Torget i Bergen.

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen

VÅGEN BY NIGHT: Vinnarutkastet viser korleis Bryggen og Fisketorget i Bergen kan bli i framtida, når Bybanen etter planane skal erstatta bilvegane som går her i dag.

Foto: Asplan Viak m.fl.

Fisketorget og Bryggen er kjernen i Bergen sentrum og bergensaranes hjarta, og kanskje i norsk turisme.

Det er også sentrum for eit komplekst byutviklingsprosjekt som bergensarane har krangla om i årevis. Det er vedteke at bybanen til Åsane skal gå over Torget og Bryggen, men både Høgre og nykommaren Folkeaksjonen Nei til mer bompenger ønskjer å ta ein ekstraomgang om planane.

Tidlegare i år lyste kommunen ut ein designkonkurranse, for å sjå korleis Bybanen kan integrerast med det historiske sentrumsområdet. Vinnarforslaget frå Asplan Viak, «Mot Vågen», haustar, som vanleg i Bergen, både begeistring og misnøye.

Det blir ingenting igjen av Fisketorget. Dette blir berre eit gigantisk bybanestopp, kommenterer torghandlar Åge Sørensen til NRK.

Åge Simensen, fiskehandler

HÅPLAUST: – Vinnarforslaget inneber at me må legga ned og Fisketorget forsvinn som levande marknadsplass, meiner torghandlar Åge Sørensen.

Foto: Therese Pisani / NRK

– Håplaust

Plan- og designkonkurransen inkluderer altså to evige stridsspørsmål i Bergen: bybanetrasé langs Bryggen, og «blodprisar og stygge plasttelt» på Fisketorget.

Sørensen er overtydd om at viss vinnarforslaget faktisk blir realitet, vil det gi mindre plass til torgbodar og dermed kroken på døra for levande handel på Torget.

– Det vil utradere torget og føre til at Fisketorget forsvinn. Me er avhengig av å driva både bodsal og servering. Vinnarforslaget er håplaust, seier Sørensen.

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen

MINDRE BODPLASS: Den samanhengande plastveggen av partytelt er føreslått erstatta av små torgboder, eit halvtak ved Mathallen, og at 1. etasje på Zachariasbryggen blir ekstra mathall.

Foto: Asplan Viak m.fl.

– Løft for Bergen

Byarkitekt Maria Molden, som sat i juryen, seier det er mange som har vore veldig begeistra for vinnarforslaget.

– Mange ser at dette vil bli eit stort løft for Bergen.

Men heller ikkje ho er udelt positiv til forslaget. Sjølv likar ho dårleg at Fisketorget i dag er prega av lange rader med sal og servering under partytelt og varmelamper.

– Vinnarutkastet får fram det gode me har i Bergen – ei veldig god heilskapsforståing for det store, flotte me har frå før. Men Fisketorget er det vanskelegaste området. Her har dei ikkje greidd å løysa problemet med bodsal og restaurantservering, utan at det tek for mykje plass.

– Så der er du mest misnøgd, eller minst nøgd?

– Ja. Torget er me ikkje ferdig med. Men me har stor tru på at prosjektet kan vidareutviklast.

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen

MISVISANDE? – Å visa bybanen som eit lite modelltog i det fjerne er propaganda for å legga traséen langs Bryggen, meinte tidlegare Ap-byråd Trond Tystad om vinnarutkastet.

Foto: Asplan Viak m.fl.

Møtes til torgdiskusjon

Byrådsleiar Roger Valhammer meiner dagens versjon av Fisketorget er prega av for mange turistar.

– Me har store ambisjonar saman med torghandlarane om å gjera det til ein endå betre stad, der også bergensarane i større grad tar i bruk Torget som ein stad å handla fisk og sjømat.

Til hausten møter han torghandlarane for å sjå på forslaget og løyse floken. Aage Sørensen ser fram til å få kome med sine innspel.

– Då kan det ikkje kome nokre arkitektar å tømme torget.

"Mot Vågen", vinnarutkast arkitektkonkonkurranse Bergen

TRAPP TIL HAVS: Det kan bli eit amfi med trappetrinn frå Torget og ned til sjøkanten, og for eksempel flytande konsertscene like utanfor.

Foto: Asplan Viak m.fl.