NRK Meny
Normal

Desse lovbrota prioriterer politiet vekk

Mangel på ressursar gjer at politiet må legga vekk vinningsbrotsverk. Det kan svekke tilliten hjå befolkninga, åtvarar Riksadvokaten.

Visepolitimester Gunnar Fløystad i Hordaland

MANGLAR RESSURSAR: – Ein del saker med vinningsbrotsverk må leggast vekk fordi vi ikkje kan gå i gang med etterforsking, fortel påtaleleiar Gunnar Fløystad i bergenspolitiet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

I kveldens Brennpunkt-dokumentar fortel fleire fortvilte bedriftseigarar om sine erfaringar med politiet, når dei melder mellom anna dieseltjuveri og andre vinningsbrotsverk.

– Vi melder, og to veker seinare kjem eit henleggingsskriv i posten. Ingen av dieseltjuveria vi har hatt er nokosinne oppklart, fortel Willy Padøy i Bergen, som det siste året er fråstolen diesel for over 100.000 kroner.

NRK har fått tilgang til prioriteringslista til politiet i Hordaland, der det kjem fram at når det er knapt ressursar, så skal ikkje politiet etterforska brotsverk utan personskade og store verditap.

Manglar ressursar til å etterforske sakene

Døme på slike lovbrot er til dømes tjuveri, nasking, mindre underslag og bensinstikk.

– Ein del saker av den typen må leggast vekk fordi vi ikkje kan gå i gang med etterforsking. Det har uheldige konsekvensar, vedgår leiar for påtaleavdelinga i politiet i Bergen, Gunnar Fløystad.

I prioriteringsdirektivet kjem det først fram kva type saker som skal få prioritet når det er knapt med ressursar. Det gjeld drapssaker og andre valdssaker som set liv og helse i fare, samt seksuelle overgrep og alvorlege narkotikasaker.

Lenger nede i direktivet har Fløystad lista opp dei saka som må leggast vekk "på grunn av manglande saksbehandlingskapasitet". Lista ser slik ut:

Willy Padøy installerer overvåkingskamera

Willy Padøy i Bergen har opplevd mange dieseltjuveri ved bedrifta si, og har gjort mange tryggleikstiltak.

Foto: NRK

Tjuveri, nasking og bedrageri

Deretter følgjer ei liste over kva sakstypar som kan vera aktuelle å legga vekk når det skortar på ressursane til Bergenspolitiet:

Fløystad trur prioriteringa er likeins også i andre politidistrikt i landet.

– Det er nok grunn til å tru at prioriteringslista tek utgangspunkt i Riksadvokatens rundskriv og baserer seg på dei nasjonale føringa for kva vi kan bruke tida vår på. Så vil det vera litt ulikt korleis ein får ting til å henga i hop.

– Vi er nøydde til å prioritera grov vald, grove seksuelle brotsverk og organisert kriminalitet først. Når vi har gjort det så er det i dagens ressurssituasjon ikkje nok til å etterforske alle saker, seier Fløystad.

– Svekker tilliten

Nyleg har Riksadvokaten sendt ut eit nytt rundskriv om kva som skal prioriterast og kva mål politiet og statsadvokatane har sett seg i 2016.

Her peikar Riksadvokaten på kor viktig det er at vinningskriminalitet blir oppklart, også fordi det har stor preventiv effekt:

Svake resultater på dette området - som er en type kriminalitet som rammer folk flest - kan over tid svekke befolkningens tillit til politiet og den alminnelige trygghetsfølselsn i samfunnet

Riksadvokaten i Mål- og prioriteringsskriv for 2016

– Eg håpar den nye politireforma og framtidige budsjettrundar vil gjera oss i stand til å oppklara fleire slike saker, seier Gunnar Fløystad i bergenspolitiet.

Nestleiar Hadia Tajik i Arbeidarpartiet meiner justisministeren må ta stilling til om han har sørga for nok ressursar og god nok organisering i politiet.

– Prioriteringa må ikkje gå på kostnad av befolkninga sin tillit til at deira tryggleik er varetatt, seier Tajik.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.