Hopp til innhold

Desse julegåvene kan du lage sjølv av det du har til overs

Kva med eit sirkelskjørt av gamle gardiner? Eller eit gryteunderlag av vinkorkar? Her kjem åtte tips til julegåver du kan lage i siste liten.

Wibecke Lill Myksvoll Olsen henger opp julestjerna i KreAtivt verksted sine lokale. Den er faktisk laga av ei julestjerne

JULESTJERNE: Wibecke Lill Myksvoll Olsen henger opp julestjerna i Kreativt verkstad sine lokale. Den er faktisk laga av ein sykkelkrank.

Foto: NRK Hordaland / NRK Hordaland

Nokon er seint ute med julegåvene, medan andre kanskje vil lage meir miljøvennlege alternativ i år.

NRK har fått hjelp av flittige folk frå heile landet til å komme med nokre tips til kva du kan lage til dine kjære i julestria.

Julestjerne av sykkelkrank

Den gamle sykkelen som for lengst har slutta å fungere kan bli til ei julestjerne! Iallfall delar av den.

Sjå meir om julestjerna i «Der ingen skulle tru» sin julespesial! I NRK TV frå 22. desember. På NRK1 25. desember.

Sirkelskjørt

Slageren frå årets sesong av Symesterskapet! Dette skjørtet blir nok både liten og stor glad for.

Gryteklutar av baklomme på dongeribukse

Liv Torgunn Hande frå Nittedal er pensjonist og gjenbruksentusiast. Ho har følgjande oppfordring: gi aldri slipp på dongeribuksene dine – dei kan nemleg bli om til flotte gryteklutar.

Ho fann ideen til gryteklutane på nettsamfunnet Pinterest, men har laga sin eigen versjon av desse gryteklutane.

Vil du lage dine egne julegaver? Slik lager du grytekluter av baklomma.

Vil du lage dine egne julegåver? Slik lager du gryteklutar av baklomma.

Glidelåspung

Her kan du gjere som du vil, og om du vil gjere det om til ei lita veske, er det berre å sy på eit anheng. Kanskje du kan bruke dongeristoffet du har til overs frå gryteklutane til å lage denne?

Gryteunderlag av vinkorkar

Kva med å lage ei julegåve som både er vakker og funksjonell? Kork er eit fantastisk materiale som det er lett å skjære i og lime, og det toler både varme og væte.

Berre hugs å ikkje bruke vinkorkar av plast, varme gryter kan få dei til å smelte. Pass også på å ikkje lime der gryta skal stå, ikkje all lim toler høg varme.

Video til nettsak om julegåver du kan lage sjølv

Korkar kam brukast til mykje! Og til julegåver!

Nøkkeltavle og straumholdar av lego

Lego er ikkje berre klossar ein leikar seg med. Kva med å lage ei nøkkeltavle? Det er noko alle har bruk for.

Video til nettsak om julegåver du kan laga sjølv

En nøkkeltavle av lego? Kunne det vore ei fin gåve til nokon du er glad i?

Lego kan og brukast til å halde på plass ladeleidningen til mobiltelefonen når han ikkje er i bruk.

Video til nettsak om julegåver du kan laga sjølv

Ein kvar med ein mobiltelefon på innerlomma har bruk for ein slik ein!

Lag faklar av ei keramikkpotte

Dei gamle pottene i skuret kan på 1-2-3 bli om til ein stilig fakkel, og er eit fint julegåvetips til den som har alt.

Fuglebrett av ei tekanne

Ved hjelp av ei tekanne og eit par hjelpemiddel kan du lage eit fuglebrett med ein vri. Sjå korleis her:

Ei tekanne kan brukast til mykje rart!

Sjå fleire hagetips i programmet «Hagen min».