Hopp til innhold
Flom på Vestlandet
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Desemberflom 2015 i Hordaland

  • Parkeringskaos på E16

    Politiet ber bilister som har parkert langs E16, fjerne bilene sine.

    Laster Twitter-innhold
  • Slik ser det ut på Voss

    Spikartelt og campingvogner duppar i Vangsvatnet på Voss, dagen etter flaumtoppen. Sjå korleis det såg ut i 11-tida i dag. Voss kommune opplyser at flaumen toppa seg i 04-05-tida i natt, og at vatnet vil halde fram med å minke utover måndagen.

    Slik ser det ut på Voss Camping dagen etter desemberflaumen i Hordaland.
  • Opo i dag

    Odda kommune har ikkje lenger kriseleiing, ettersom flaumsituasjonen no er under kontroll. Etter å ha nådd flaumtoppen søndag kveld, går Opo-elva tilbake mot normalen i dag. Men vassføringa er framleis høg, slik videoen frå reporter Tale Hauso viser.

    Odda kommmune har ikkje lenger satt kriseleiing, ettersom flaumsituasjonen no er under kontroll. Etter å ha nådd flaumtoppen søndag kveld, går Opo-elva tilbake mot normalen i dag.
  • Ikkje kriseleiing lenger

    Som følgje av at flaumsituasjonen er komme under kontroll, har Odda kommune ikkje lenger kriseleiing. Den vart sett søndag kveld, men har no opphøyrd. Folka frå NVE som i natt har overvaka Opo, reiser vidare til Voss.