Hopp til innhold

Abilio og Christer styrer unna alkohol

Tydelege foreldre og haldningskampanjar får æra for at norske ungdommar drikk mindre alkohol enn før.

Abilio og Christer

HELD SEG UNNA ALKOHOL: 18-åringane Christer Vikøren (t.v.) og Abilio Almeida held seg unna alkohol, blant anna fordi foreldra seier tydeleg frå om at det ikkje er greit.

Foto: Kaspar Knudsen / NRK

Medan alkoholbruken blant vaksne har auka jamt dei siste ti åra, er utviklinga motsett når det gjeld norske tenåringar.

– I fjor smakte eg alkohol ein gang, på mamma sin bursdag i april. Då drakk eg ein cider, seier Abilio Almeida (18).

Kameraten Christer Vikøren (18) held seg også unna alkohol.

– Foreldra mine seier eg ikkje skal drikka alkohol. Dessutan trenar eg, så derfor drikk eg ikkje, seier han.

– Kampanjar fungerer

Erik Iversen

KLAR UTVIKLING: Psykologspesialist Erik Iversen meiner foreldra er blitt tydelegare.

Foto: Bergenslinikkene

– Foreldre er blitt meir bevisste, etter mange kampanjar retta mot foreldra dei siste åra, seier psykologspesialist Erik Iversen ved Bergensklinikkene til NRK.no.

Han nemner blant anna programmet «Sterk & Klar», som prøver å få ungdommar til å utsetja debuten med alkohol. Opplegget består blant anna av at foreldre til elevar på ungdomsskulen blir inviterte til møter om grensesetting og foreldrerolla.

Slike program har vore eit tilbod både på skular og i idretten.

– Ungdommane sjølv opplever at foreldra har meir tydelege reglar, seier Iversen.

Klar nedgang

Den europeiske skuleundersøkinga ESPAD viser at mens 78 prosent av alle norske 15 og 16-åringar hadde drukke alkohol i løpet av dei siste 12 månadane i 1999 var talet redusert til 61 prosent i 2011.

Undersøkingar gjort av Statens Institutt for rusmiddelforsking viser den same tendensen: Alkoholkonsumet hos dei under 20 år har gått jamt nedover sidan tusenårsskiftet.