NRK Meny
Normal

Departementet seier nei til billegare tog

Fylkeskommunen vil gi togpassasjerane i Bergen lik pris som på bussen. Men departementet lar ikkje NSB forhandla om takstsamarbeid, og vil heller ikkje laga nokon avtale sjølv.

Bergen Jernbanestasjon tog

JUBELEN STILNA: Reisande jubla då det blei klart at fylkeskommunen la ti millionar på bordet for å gi lokaltogpendlarane ved Bergen jernbanestasjon lik billettpris som andre kollektivreisande. Men departementet vil ikkje laga nokon avtale om takstsamarbeid no.

Foto: Njål Svingheim / Jernbaneverket

I budsjettet for 2016 sette fleirtalskoalisjonen i Hordaland av ti millionar kroner for å kompensera NSB for at togbillettar mellom Bergen og Arna skulle verta rimelegare.

Etter årevis med krav om same pris for buss og tog, skulle den såkalla einingstaksten endeleg bli innført.

Men kollektivselskapet Skyss har ikkje greidd å bli samde med NSB om kva billettsystem ein skal bruka, og korleis billettinntektene skal fordelast.

No opplyser fylkesrådmann Rune Haugsdal i eit notat at forhandlingane er avslutta utan at partane har kome fram til noko resultat.

Bente Bondhus, Pål Kårbø, Anne Gine Hestetun

LOVA LIK PRIS: Bente Bondhus (Sp), Pål Kårbø (KrF) og Anne Gine Hestetun (Ap) lova saman med SV at det skulle innførast ein billett og ein pris for togreisande mellom Bergen og Arna.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Tok over for NSB

Forhandlingane er avslutta fordi Samferdselsdepartementet har overtatt saka frå NSB.

– No ventar eg at statsråd Solvik-Olsen tar kontakt med departementet slik at dei togreisande får dei same vilkåra, seier Haugsdal.

Men departementet har ingen umiddelbare planar om å løysa saka. NRK har bede om intervju med statsråden, men departementet vil i staden at statssekretær Amund Drønen Ringdal (H) skal uttala seg.

Han forklarar at dei mellombels, fram til Jernbanedirektoratet blir operativt i 2017, har teke over forhandlingsrolla frå NSB, fordi togselskapet ikkje kan ha denne rolla når det snart skal bli konkurranse om drift av persontog.

Vil ikkje forhandla

Men departementet vil ikkje forhandla med fylkeskommunen no.

Amund Drønen Ringdal

Statssekretær Amund Drønen Ringdal

Foto: Regjeringen

– For det første arbeider Samferdselsdepartementet no med å sjå nærare på korleis takstsamarbeid bør bli lagt opp for å skapa meir føreseielegheit og likskap mellom dei ulike takstsamarbeidsavtalene. Samferdselsdepartementet har i tillegg varsla konkurranse om trafikkpakkene Sør og Nord, og det er prinsipielt riktig at takstsamarbeidsavtaler som skal leggast ved konkurransegrunnlaga der blir prioritert, seier Ringdal.

Mykje tyder på at nye diskusjonar tidlegast vil finna stad neste år, når Jernbanedirektoratet startar opp.

– Det er dei som skal inngå og vedlikehalda framtidige takstsamarbeidsavtaler, og det er difor også viktig at direktoratet så tidleg som mogleg får moglegheita til å meina noko om innrettinga av takstsamarbeida, seier statssekretæren.

Anne Gine Hestetun

– MERKELEG: Statssekretær Ringdal seier det allereie i stortingsmeldinga om jernbanereform i fjor vår blei varsla at departementet skulle overta forhandlingsrolla frå NSB. – Då er det merkeleg at NSB køyrde prosess i fleire møter før saka fekk ei anna vending. Problem tilknytt systemtilpasningar var ifølgje NSB hovedgrunnen til at dette tok tid, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (biletet).

Foto: Sølve Rydland

– For dårleg!

Fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) er svært skuffa over at einingstaksten ikkje lét seg innføra like lett som dei trudde.

– Vi noterer oss at konkurranseutsettinga i Sør og Nord set ein stoppar for like tilhøve for kollektivreisande i vårt nedslagsfelt. Skuffande frå samferdsleministeren. Hordaland fylkeskommune, både politisk og administrativt, har verkeleg jobba hardt og snudd alle steinar for å få dette til.

Varaordførar Pål Kårbø (KrF) er minst like skuffa, men gir ikkje heilt opp.

– Når vi var villege til å ta heile rekninga, så er dette rett og slett for dårleg! Vi vil utfordra statsråden på dette. Han er oppteken av å vera handlekraftig, då legg eg til grunn at han kan skjera gjennom her, seier Kårbø.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.