Hopp til innhold

Denne veven har gått i 100 år

Sjå den eldgamle vevstolen hos Svein Bruviks bandveveri gå for aller siste gong. No ventar museumslivet for den historiske skatten.

Det er siste gang den gamle vevstolen går hos Svein Bruvik, før den skal vidare til Salhus museum

VIDEO: Sjå når Svein Bruvik set på den 100 år gamle vevstolen for siste gong i veveriet. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

– Her er det mykje bråk, så det tette igjen øyra, roper Svein Bruvik.

Hos Svein Bruviks bandveveri på Osterøy durar vevstolane i takt medan dei produserer band i alle slags fargar og mønster.

– Full av galskap

Faren til Svein Bruvik bygde opp veveriet i 1952. Fyrst produserte han handdukar, men gjekk så over til namneband. Alt Svein kan innan vevkunst lærte faren han.

Svein Bruvik

TURBOPENSJONISTEN: Svein Bruvik likar å jobbe i veveriet.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Eg lærte alt som har med mønster, bindingslæra og alt med tråd. Det er viktig å kunne for å arbeide med dette. Det er ikkje berre å setje på ein maskin, forklarer Bruvik.

På midten av 60-talet overtok Svein bedrifta, og framleis arbeider turbopensjonisten nesten kvar dag i veveriet. No er det mest som ein hobby.

– Eg er jo full i galskap! Men eg er jo reine ungdomen på berre 75 år, skøyar Svein Bruvik om.

Alt frå innkjøp til sal

Svein Bruvik har gjort alt i veveriet sjølv, noko som har vore litt av ein prosess.

– Eg gjorde alt sjølv. Alt frå innkjøp, teikning av mønster, stilling av maskiner, produksjon og sal. Men så hadde eg nokre damer som av og til hjelpte meg då, legg han til.

Turbopensjonisten håper at han kan halde på med bandveving i mange år framover.

– Det har gått veldig bra og eg vil ikkje slutte enno. Det er ein kjekk hobby, svarer pensjonisten.

Utgåande bransje

Bruvik er glad for at han berre har vevinga som ein hobby, for han ser med skepsis på veving som eit yrke i dag.

– Eg trur det er ein utgåande bransje, og eg trur det er vanskeleg å kunne leve av det i dag. Men eg trur det kan gå for dei som gjer det for å få ei ekstra inntekt.

Trass i det trur Bruvik at nokon vil overta veveriet når han ikkje kan ha det lenger.

– Eg trur det er nokon som vil overta. Det hadde då vore for gale om det hadde gått ut eller kva? spør Bruvik.

I veveriet står fire meir moderne vevstolar frå 80-talet, som brukar den nye vevteknikken. Desse lagar pynteband i ulike størrelsar, fargar og i ulike mønster.

– Eg lagar ein god del band til samane. Dei skal ha spesielle band og likar å eksperimentere.

(Artikkelen held fram under videoen)

Pyntebandproduksjon hos Svein Bruviks bandveveri

VIDEO: Sjå korleis Svein Bruvik lagar pynteband i alle slags fargar og mønster. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

100 år gamal skatt

Inst i veveriet står ein 100 år gamal skatt. Ein stor vevstol laga i tre pryder veveriet. Dette er ein vevstol som lagar namneband av silketråd på den gamle metoden.

– Var ikkje den stilig? spør Bruvik.

Maskinane lagar ein kraftig dur i rommet, men høyrselsvern har Bruvik aldri brukt.

– Når maskinane går i lag så må eg høyre at lyden er «akkurat». Kjem det ein ulyd, så kan eg stoppe maskina og fikse feilen før det går skikkeleg gale, forklarer Bruvik.

Han synest at det er ein finare lyd frå den gamle maskina enn dei nye.

– Om ein samanliknar ei gamal «tuffebåt» som fanst før i tida og ein båt med påhengs i dag, så er det ikkje det same. Ein høyrer når det kjem ein båt med ein gamal motor som seier «duff», «duff», «duff». Det er stor forskjell på ein ny påhengsmotor som «surrer» som ein visp. Sånn er det og med veveriet, du har den gamle fine lyden, forklarer Bruvik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Viser korleis hullkortsystemet fungerer

VIDEO: Sjå korleis hullkortsystemet fungerer. Foto/redigering: Tim Christian Wassmo

Viktig tradisjon

Bruvik håper at nordmenn endrar haldningane sine og tenkjer over kva dei kjøper.

– Dette er ein gamal tradisjon, som eg meiner ein må halde ved like. Difor må fleire velje norske produkt for å ta vare på den gamle industrien.

Maskinane laga tidlegare merkeband til all industri for å merke klede.

– I alle plagg står det eit merke om vaskeskildring, størrelse og kven som har laga plagget. Eg meiner det hadde vore sørgjeleg om all produksjon forsvann og gjekk ut av landet.

Svein er likevel optimistisk fordi dei unge tek i bruk gamle tradisjonar i større grad enn tidlegare. Samstundes håper han at det kjem ei tid der folk syr sine eigne klede, og at det vert produsert klede og sko i Noreg igjen. Særleg ønskjer han at bunad og bunadssko vert produsert i Noreg.

– Trur du det skjer?

– Eg trur det ikkje, men eg håpar det, svare han.

Anna-Lisa Johannessen

ÆTT: Anna-Lisa Johannesen er deleigar saman med Haavard Holmaas i klesmerket ÆTT.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Heilt unikt

– Den vesle lappen som vi bruker for å vise størrelsen er produsert av Svein Bruvik sin gamle vevstol, viser Anna-Lise Johannesen.

Anna-Lisa Johannessen og Haavard Holmaas er eigarane av det norske klesmerket ÆTT. Dei ønskja å samarbeide med Bruvik, og no har kleda deira namneband frå den gamle maskina.

– Dette er heilt unikt. Det er ein mann på 75 år som framleis lage ting fordi han ikkje klarer å leggje det frå seg.

Hobbyvevaren trudde ikkje sine eigne øyre då designarane ønskja å bruka han.

– Eg trudde fyrst det berre var tøv, men det var veldig kjekt når eg forstod at dei snakka sant, seier Bruvik.

ÆTT klede

STØRRELSEMERKE: Klesmerket ÆTT brukar merket frå Bruvik sin gamle namnbandvev.

Foto: Tale Hauso / NRK

Den eldste maskina skal vidare til Norsk Trikotasjemuseum i Salhus. Og Bruvik er glad for at maskina kan «duffa» vidare der.

– Det er ganske mange gamle ting som går i gløymeboka, så det er kjekt at museet tek vare på dei. Det er kjekt at dei som besøker museet kan sjå ei gamal maskin som framleis går, enn berre ein som står i ro, meiner Bruvik.