Hopp til innhold

Denne kommunen kan bli riven i tre av reforma

Politikarane i Ullensvang har ikkje fått til samanslåing med naboane. No har folk i fleire bygder starta underskriftskampanjar for å melde overgang til andre kommunar.

Kommunesammenslåing

Folkerøystinga i Ullensvang gav eit fleirtal for samanslåing med Odda. Men aktivistar gjev ikkje opp kampen.

Foto: TALE HAUSO

Det kompliserte kartet for kommunesamanslåing i Hardanger kan fort bli endå meir komplisert.

I folkerøystinga før sommaren sa eit fleirtal av innbyggjarane at dei helst vil bli ein del av Odda, om samanslåing må til. Men internt i kommunen er det store skilnader.

Det er ein reell sjanse for at heile kommunen kan bli splitta i tre. Med land på tre sider av ein fjord står dagens UIlensvang lagleg til for hogg.

– Eg ønskjer ikkje å splitte Ullensvang i fleire delar. Kva er då att av Ullensvang, spør ordførar Solfrid Borge (Sp).

Mange av sambygdingane hennar er ikkje samde. Fleire krefter ønskjer å dela opp det eine av fire herad i den norske kommunefloraen:

  • På Oksenhalvøya på nordsida av Hardangerfjorden har innbyggjarane søkt om å få bli ein del av Granvin.
  • I austre delen av kommunen er det ein underskriftskampanje på gang for å bli knytt til ei større eining med Eidfjord, Ulvik og Granvin.
Ullensvang

Reiselivet vil nordover

Lars Inge Thorset frå Kinsarvik er ein av initiativtakarane til underskriftsaksjonen. Han er ikkje nøgd med fleirtalet i folkerøystinga som ville ha samanslåing med Odda og Jondal.

Aktivistane samlar underskrifter langs austsida av Hardangerfjorden med mål om at denne delen av heradet skal slå seg saman med Eidfjord, Granvin og Ulvik.

– Me gjeng langs heile austsida for å få underskrifter. Dei første er komne inn, seier Thorset.

Interesseskilnadene i kommunen er store, meiner han.

– Spesielt reiselivet som næring vil ha gode kår i nord. I sør har dei fokus på heilt andre ting enn det me meiner er viktig, seier Thorset, som òg er vararepresentant for Høgre i heradsstyret.

Eidfjord er nøkkelen

– Næringslivet lyt få jobba for sitt. Så skal heradsstyret ta stilling, seier ordførar Borge.

– Me skal sjølvsagt handtera det seriøst. Det har òg fleire politikarar sagt. Vi vil høyre folket, legg ho til.

Fleirtalet sa nei til deling, men i kommunesenteret Kinsarvik var det stort fleirtal for deling.

Ordførar i Ullensvang Solfrid Borge (Sp)

VIL IKKJE: Ordførar Solfrid Borge ønskjer ikkje å sjå at heradet vert splitta i tre.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Me ønskjer ikkje å bli ein utkant i ein stor Odda-kommune, seier Thorset.

Valforskar Frank Aarebrot seier at ei deling av Ullensvang kan bli aktuelt dersom Eidfjord vert tvungen til å godta samanslåing. Det vart ikkje fleirtal for ein større kommune der i folkerøystinga.

– Det vil òg kunne gjelde Kvinnherad, som til liks med Ullensvang er delt av fjorden, seier Aarebrot.