NRK Meny
Normal

Denne driten vil ikkje fiskarane ha noko av

Ei lang rekke smoltanlegg har ikkje krav på seg til å reinse utsleppa sine. No er Jeger- og Fiskarforbundet lei forureininga.

Små, gamle smoltanlegg reinsar ikkje utsleppa sine. Jeger og Fiskerforbundet krev strengare utsleppsløyve.

VIL HA SLUTT PÅ FORUREININGA: Fiskane flokkar seg rundt røyret på havbotnen, som slepp ut ureinsa avfall frå eit smoltanlegg. Foto: Torgeir Kaarbø

– Her kjem det ut fôrrestar og drit. Rundt utløpet samlar det seg mykje fisk, både sei, lyr og torsk. Det er mykje mat og slikt som kjem ut av røyret, men kvaliteten på fisken blir jo ikkje noko særleg, seier Alv Arne Lyse i Jeger- og Fiskarforbundet.

Han står på ein kai i Alvøen vest i Bergen. På overflata er det berre boblar som er synlege, men Lyse har sett kva som skjuler seg på havbotn.

Norges Jeger- og Fiskarforbund har sikra seg videodokumentasjon av havbotnen og dyrelivet rundt utsleppsrøyret, som stammar frå eit smoltanlegg i nærleiken.

Krev strengare reglar

Berre i Hordaland finst det 45 slike smoltanlegg. I desse anlegga lev små laks som enno ikkje kan settast ut i merdane i sjøen. Anlegga står på land, men har likevel innverknad på livet i sjøen.

For gjennom røyr som er lagt ut på havbotnen, slepp dei eldste smoltanlegga ut avfall rett i sjøen.

Smoltanlegga som stammar frå 80- og 90-talet har ikkje krav på seg om å reinsa utsleppa sine. Det reagerer Norges Jeger- og Fiskarforbund på.

Dei krev at styresmaktene skjerpar utsleppsløyva, for dei meiner utsleppa mellom anna held liv i rømd oppdrettsfisk.

Alv Arne Lyse i Norges Jeger og Fiskerforbund

Alv Arne Lyse og Norges Jeger- og Fiskarforbund krev strengare reinsekrav for gamle smoltanlegg.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Ikkje her skoen trykkjer

Det er berre dei 16 største og nyaste anlegga i Hordaland som har reinsekrav på seg, opplyser Fylkesmannen si miljøvernavdeling. Det er dei som har ansvaret for å gi løyva.

– Dei 16 av 45 anlegga står for 78 prosent av den totale produksjonskapasiteten, fortel Tom N. Pedersen.

Fylkesmannen vil ikkje krevja reinsing av dei gamle smoltanlegga.

– Reinsekravet vil vera avhengig av kor stor produksjonen er og kor utsleppa hamnar. Det er ingen hensikt å innføre krav. Dei minste anlegga vil ikkje ha økonomi til det og mange av dei ligg slik til at utsleppa ikkje representerer eit stort problem, argumenterer Pedersen og legg til:

– Vi må hugse på at utslepp av frå settefiskanlegg er berre to prosent av bruttoutslepp frå oppdrettsnæringa. Det er ikkje her skoen trykkjer.

– Til gjengjeld ligg smoltanlegga i tronge fjordar der forureininga får større effekt, svarar Lyse i Fiskarforbundet.

Har sett filmen

Pedersen har fått sjå filmen frå Alvøen som Jeger- og Fiskarforbundet har sikra seg. Han meiner bileta syner eit typisk utsleppsrøyr som kjem frå eit lite smoltanlegg utan reinsing.

– Det viktigaste for oss er om utsleppspunktet toler det eller ikkje. Så det er forureiningseffekten vi er mest opptatt av, seier Pedersen.

Men på spørsmål om Alvøen, må han innrømma at havbotnen si utforming her gjer at fjorden er ganske lukka.

– Så vassutskiftinga her er dårleg, og det får store konsekvensar for det dyrelivet som skal vera der.

Tom N. Pedersen hjå Fylkesmannen si miljøvernavdeling i Hordaland

Tom N. Pedersen i Fylkesmannen si miljøvernavdeling vil ikkje krevja reinsing i gamle smoltanlegg.

Foto: Ole Andre Lagmanndokk / NRK

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.