Hopp til innhold

Denne brua er limt saman av 1,6 millionar trespiler

Elevar og studentar har brukt 2800 timar på å byggje den unike brua på Strandkaien i Bergen. No blir den ståande så lenge det er opphaldsvêr – brua toler nemleg ikkje regn.

Elevar i 9. klasse på Rothaugen skule i unikt samarbeid med UiB.

VIDEO: Sjå videoen av bygging og montering av den unike spilebrua på Strandkaien i Bergen.

– Vi starta det heile som eit eksperiment, og vi visste ikkje om vi ville få det til, seier Anett Fengestad, lærar ved Rothaugen skole.

I dag vart den 16 meter lange spilebrua montert på Strandkaien mellom Fiskehallen og Strandkaiterminalen i Bergen.

Prosjektet starta i vår og er eit samarbeid mellom 157 elevar ved 9. trinn på Rothaugen skole og 15 studentar ved Institutt for design på Kunst- og designhøgskulen i Bergen.

Utfordra tyngdekrafta

– Vi greidde det ingeniørane ikkje trudde var mogleg, nemleg å ha eit så langt spenn med svært tynne dimensjonar, seier Fengestad.

Dei har brukt ca. 2800 timar på å sette saman brua laga av 1,6 millionar trespiler og ca. 9000 samanføyingar.

Bakgrunn for prosjektet er klima og berekraft. Ungdommane har blitt utfordra til å bli kjent med og utfordra det fornybare materialet tre.

– Elevane har limt saman alle desse tynne spilene, og det har vore eit tolmodsarbeid. Alle har vore med på saging, liming og vurdering av om kvar konstruksjon måtte styrkast og forsterkast, seier læraren.

Emilie Christiansen er elev på Rothaugen skole og har vore med å byggje brua.

– Det har vore veldig kjekt og eg har lært mykje. Blant anna om tyngdekraft og korleis ein kan byggje ei bru, seier Christiansen.

Til pynt i opphaldsvêret

I kveld kom brua til slutt på plass og lyssett. No blir den ståande så lenge vêret er bra, for brua toler nemleg ikkje så godt regn.

– Trespilene vert heldt saman av superlim, og limet er sårbar for regnvêret. No er det meldt opphald i nokre dagar, så vi håpar at brua vil stå nokre dagar, seier Fengestad.

Både Christiansen og Fengestad oppmodar folk å sjå brua frå avstand, då den ikkje er til å gå på.

– Det ser nok veldig freistande ut, men eg ville ikkje ha gått på den. Den toler mykje, men er mest for pynt.

I dag vart den 16 meter lange spilebrua montert på Strandkaien

FORSIKTIG: Måndag kveld vart brua heist forsiktig på plass på Strandkaien i Bergen.

Foto: Elise Angell / NRK