NRK Meny
Normal

Denne båten forsvann for tre veker sidan

STORD (NRK): Verken kameraten eller politiet veit kva som har skjedd med Tom Fagerland (58) frå Stord.

Skyta Fram i Askvoll

SKØYTA: Trond Asperheim fotograferte den sakna skøyta på veg sørover gjennom Granesundet i Askvoll. Sidan har ingen sett henne.

Foto: Trond Asperheim

Politiet står framleis utan spor etter den sakna 58-åringen Tom Fagerland.

– Det er rart at vi ikkje har fått inn fleire tips. Dette er eit område med mykje aktivitet, så nokon burde ha sett han, seier etterforskar Egil Espeland ved Stord lensmannsdistrikt.

Den erfarne styrmannen hadde kjøpt ei 33 fots treskøyte i Kalvåg i Sogn og Fjordane som han skulle segla heim til Stord. På morgonen 2. november, for snart tre veker sidan, la han frå kai.

Kameratane forstår ingenting

Den siste sikre observasjonen av 58-åringen vart gjort same dagen, i 13-tida.

Trond Asperheim fotograferte den sakna skøyta «Fram» på veg sørover gjennom Granesundet i Askvoll. Sidan har ingen sett eller høyrd noko.

Tom Fagerland

SAKNA: Tom Fagerland har snart vore borte i tre veker.

Foto: Privat

Att står Fagerland sine kameratar i dugnadsgjengen ved Stord Maritime Museum.

– Me leitar etter gode svar, men finn ingen, seier Håkon Grov.

Erfaren sjømann

Hovudredningssentralen Sør-Norge sette sist helg i gong eit omfattande søk, men utan resultat.

Politiet er difor framleis på jakt etter opplysningar frå publikum.

Laster kart, vennligst vent...

Fagerland er ein erfaren sjømann som jobbar om bord på frakteskipet MS «Rana Frakt».

Han skulle eigentleg ha reist ut att på jobb denne veka.

– Eg har snakka med folk som har vore ute til sjøs med han nyleg, og dei seier han er så dyktig på sjøen at dette er heilt uforståeleg, seier kameraten Håkon Grov.

Håkon Grov om den sakna kameraten Tom Fagerland

UROLEG: Håkon Grov, kamerat av den sakna, forstår ikkje at det ikkje finst nokre spor.

Foto: Marte Rommetveit / NRK

Ber om tips

Det er etterforskar Espeland samd i.

– Dette er eit lite mysterium, sidan me verken finn båt eller person, seier han.

Samstundes oppmodar han folk som kan ha sett noko eller har funne gjenstandar som kan stamma frå ei skøyte, til å melda frå til politiet.

Mistenker uhell

– Kan han ha valt å dra på ein lengre tur?

– Det er ingenting som tyder på det. Dei som kjenner han, har ikkje fått opplysning om noko slikt. Han har heller ikkje drivstoff til ein veldig lang tur. Dette er ein heilt ny båt for han, seier Espeland.

Politiet trur difor det må ha skjedd eit uhell.

Siste video

Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik
Programleiar: Jan Børge Leirvik