NRK Meny
Normal

Denne babyvesten skal redde liv i heile verda

HAUKELAND SJUKEHUS (NRK): I over ti år har legane jobba med den revolusjonerande pustevesten for premature spedbarn. No er fleire store internasjonale selskap interessert.

Baby tester body som måler pust

BABY-TEKNOLOGI: Ullbodyar utvikla i Bergen overvakar pusten til dei små, utan at barna må leggast i kuvøse.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Dette er informasjon det har vore vanskeleg for oss å få tak i tidlegare, seier Mariann Bentsen.

Barnelegen ved Haukeland universitetssjukehus peikar på ein dataskjerm som viser utslag frå andedrag. I trillesenga ved sidan av ligg ein for tidleg føydd baby med ein ullvest rundt seg. Vesten er full av magnetband som målar pusten i den vesle kroppen.

– På denne måten kan vi kartlegge pustemønsteret til barnet. Det gir oss òg informasjon om lungene sitt volum og korleis luftstraumen er, seier Bentsen.

Babybody frå Bergen måler pusten

PUSTEMØNSTER: – Blå viser volumet per tid, den raude viser luftstraumen per tid. Slik finn vi ut korleis barnet pustar, seier Mariann Bentsen ved barneavdelinga på Haukseland.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Tidlegare har ein mangla teknologi for å overvake pusten til premature barn, der lungene ofte ikkje er ferdig utvikla.

For å unngå å legge barnet i kuvøse har forskarar i Bergen utvikla vesten, som gjer at ein kan måle pusten utan at det skapar ubehag for barna.

Store selskap er interessert

– I lang tid har både nyfødtlegar og forskarar etterspurt denne type målemetode, seier Bentsen.

Ho tek doktorgrad på den nye teknologien, og har stor tru på den.

Vestane vert produsert på Janusfabrikken på Espeland i Arna, ei stor lokal ullbedrift som har drive tekstilproduksjon sidan 1895.

Body produsert i Bergen måler pusten til premature babyar

MÅLER PUST: Ullvesten er full av elektronikk, som overvaker pusten til premature babyar.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

Etter kvart har pustevesten blitt testa på sjukehus i Noreg og i England. No kan den bli vanlege på sjukehus verda rundt.

– Vi er no i diskusjon med fleire store aktørar, og håpar å ha ein avtale på plass innan sommaren, fortel Øivind Enger i selskapet Sarsia.

Brukt mange millionar

Dei har investert fleire titals millionar i utviklinga av produktet som vert kalla Volusense Smart Vest.

Øivind Enger, Sarsia investering.

I DISKUSJON: Øiving Enger i selskapet Sarsia er no i dialog med fleire store aktørar i utlandet om vesten.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

– Vi har brukt over ti år på å utvikle plagget, fortel Enger.

Utviklinga av vesten har skjedd i nært samarbeid med legar og sjukepleiarar ved barneklinikken på Haukeland, og har kosta fleire titals millionar kroner.

– Haukeland har vore med oss nesten heile tida, og har vore heilt avgjerande for at dette har gått framover. Dei har vore kanskje vår viktigaste ressurs, seier Enger.

Siste video

Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.
Programleder: Mariann Reikerås