Hopp til innhold

Den veglause bygda har venta 20 år på båthamn

EIKEMO (NRK): – Tre av båtane mine har havarert ved kai medan me har venta, seier Geir Arne Eikemo i bygda der alle er avhengig av båt.

Geir Arne Eikemo

FLYT FRAMLEIS: Tre av båtane til Geir Arne Eikemo har sokke ved kai medan han har venta på båthamn. Den noverande båten har han så langt klart å berga.

Foto: Tale Hauso/NRK

– Dette er jo ikkje snakk om ei hamn for løye, men for å kunna eksistera her, seier Geir Arne Eikemo.

Med ein eigen teknikk hoppar sauebonden raskt på land og får festa båten sin med fleire tjukke tau.

– Når det er uvêr set eg ekstra tau på han framme og bak. Til no har eg klart å berga denne båten her.

Tre havari sidan 1996

Innbyggjarane i bygda Eikemo på nordsida av Åkrafjorden er heilt avhengige av båt. Uansett kva dei skal må dei over fjorden og ha bil på andre sida. Men bryggeforholda er så elendige at fleire båtar har sokke i dårleg vêr.

Eikemo kai

VÊRHARD KAI: Innbyggjarane på Eikemo har hatt båthavari ved kai, men har på 20 år ikkje fått båthamna kommunen har lova dei.

Foto: Tale Hauso/NRK

– Det var vel i 1996 at båten min havarerte og sokk. Då søkte eg til kommunen om dei ville vera med å laga ei båthamn, seier Eikemo.

– Striden har vart i 20 år, og ingenting har skjedd. Etter den første båten har eg mista to til på same vis, så det er i grunnen nok no.

Eikemo-bygda både har kommunal kai og tre kilometer kommunal veg. Så me brukar pengar der.

Siri Klokkerstuen (Ap), ordførar i Etne

– Skuffande møte

I slutten av november inviterte kommunen dei fire fastbuande saman med grunneigarar og hyttefolk til eit møte om nye planar for ei båthamn.

– Me hadde fått signal om at det meste var klart, men møtet blei skuffande. Alt dreidde seg om å få eit båtlag til å finansiera ei hamn.

Ordfører Siri Klokkerstuen

LOVAR FRAMLEIS: Etter 20 års strid lovar Etne-ordførar Siri Klokkerstuen framleis at den veglause bygda skal få båthamn.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ordførar Siri Klokkerstuen forsikrar at Etne kommune ønskjer å sikra ei trygg hamn for dei som bur på Eikemo, men planlegg ei mykje større hamn som òg kan brukast av hyttefolk.

Lovar å spytta godt i

– Då treng me eit spleiselag, for kommunen har ikkje praksis for å betala småbåthamn for fritidsbustadar. Det må me få avklara først, seier Klokkerstuen.

Viss hytteeigarane ikkje godtar det, lovar ordføraren at kommunen vil gi innbyggjarane ei mindre hamn.

– Me skal spytta godt i for dei fastbuande.

Dette er jo ikkje snakk om ei hamn for løye, men for å kunna eksistera på denne plassen.

Geir Arne Eikemo
Eikemo

– Det er grenser for kor lenge dei kan pina folk og tøya strikken. Det er på høg tid at me slepp å stå opp om nettene for å hindra båthavari. Sjølv har eg ramla i sjøen mange gonger, seier Eikemo.

Lokale kraftpengar

Han viser til at kraftproduksjon i bygda bidrar med millioninntekter til kommunen.

– Klausulane frå NVE var at ein del av pengane skulle gå tilbake hit. «Ein del» må jo bety meir enn null!

– Konsesjonskraftinntekter blir ikkje nødvendigvis brukt der krafta blir produsert – verken på Eikemo eller andre stader i kommunen, seier ordføraren.

Ho understrekar at Eikemo-bygda både har kommunal kai og tre kilometer kommunal veg.

– Så me brukar pengar der, seier Klokkerstuen.