Hopp til innhold

Den varmaste septemberdagen som er målt

Det har aldri vore registrert ein varmare septemberdag i Bergen. 27,6 grader slår alle rekordar sidan målinga på Florida starta i 1904.

Bryggen i sol

REKORD: 27, 6 grader vart det målt i Bergen i dag. Aldri før har det vore målt høgare temperaturar i september.

Foto: Bente Semmingsen Fivelsdal

27,6 grader, ei halv grad meir enn den gamle rekorden frå 2006, blei målt mellom klokka 14 og 15 på Florida i ettermiddag.

Det er den varmaste septemberdagen som er målt sidan ein starta målingane i Bergen sentrum i 1904.

Og temperaturen i Oslo i dag? 18-19 grader.

Nedbørsrekord og varmerekord i september

– Det er ganske sjeldan med slike rekordar, det må me kunna seia. Ei halv grad er ein del, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Arnstein Tjøstheim.

Rekorden kom bokstavleg tala ut av det blå. Gårsdagen var nemleg varsla som den varmaste blant sommardagane i den forbigåande høgtrykksryggen.

– Det var venta ligg lågare temperaturar enn i går, så dette var uventa.

Nedbørsrekord i juli og varmerekord i september. Ting heng ikkje heilt på greip i det bergenske vêråret.

– Me var rett og slett uheldige i juli og august. No har me derimot fått varmluft frå sør som dreg med seg høgtrykk. I september har me vore heldige, konstaterer meteorologen.

Soler seg i Bergen september 2016

SOLING: Folk på Vestlandet har nytta høve når sommaren kom på seinvisitt dei siste dagane. Fredag er den varmaste som er målt i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Helga blir fin

Tjøstheim tør ikkje spå om bergensarane kan venta fleire rekordar utover året.

– Det plar verta nokre rekordar, så ein veit aldri.

Som om ikkje rekordvarselet er nok, har meteorologen fleire gode nyhende å ta med seg inn i helga.

Laster Twitter-innhold

Varmen er ikkje over heilt enno.

– Det vert lågare temperaturar, men det blir ikkje kjempekaldt. I helga vil temperaturen ligga mellom 15 og 20 grader i fylket, seier Tjøstheim, som likevel varslar om byer og torevêr fredag kveld.

– Litt byer kan det bli i dagane som kjem, men det vert stort sett opphald og ein del sol.

Onsdag snur det

Men frå onsdag av skal både temperatur og nedbørsaktivitet verta meir normal for årstida.

– Sannsynlegdomen for nedbør aukar frå onsdag av.

– Då er det tilbake til hausten slik me kjenner han?

– Det går gradvis over til det. Diverre.