Hopp til innhold

– Tek lengst tid å bygge ut her på Vestlandet

Høge fjell og djupe dalar har gitt hovudbry for dei som byggjer ut det nye naudnettet. På Vestlandet blir det sett opp nær 200 sendarar i både Hordaland og Sogn og Fjordane.

Høge fjell og djupe dalar har gitt hovudbry for dei som byggjer ut det nye naudnettet. På Vestlandet har dei vore nøydde til å setje opp ekstra sendarar fleire stader.

KREVJANDE ARBEID: Det er på Vestlandet det har synt seg å vera vanskelegast å byggja ut det nye naudnettet. Videojournalist: Kjartan Lægreid

– Det er i Hordaland og Sogn og Fjordane det er høgast aktivitet akkurat no. For det er her det tek lengst tid å bygge, seier Hilde Holte Eriksen i Motorola Solutions.

Det er dei som byggjer ut det nye digitale naudnettet i heile landet, på oppdrag frå Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK). Akkurat denne dagen er dei på plass på Straumsfjellet på Sotra, der dei installerer sendar og mottaksutstyr.

Ingen andre stader er utbyggingsarbeidet meir utfordrande enn her på Vestlandet.

– Det er mykje fjell, fjord og mange tunnelar. Så det har vore vanskeleg å planlegge i desse fylka, på grunn av topografien, seier Eriksen.

Må bruke helikopter

Dagfinn Sjøvik

Utbyggingsdirektør Dagfinn Sjøvik i Direktoratet for naudkommunikasjon.

Foto: Per-Kåre Sandbakk/NRKK

Dagfinn Sjøvik er utbyggingsdirektør i DNK. Han seier det er fleire ting som gjer det ekstra krevjande i fjordfylka.

– Berre logistikken til dømes er utfordrande. Det er ikkje uvanleg at vi brukar helikoptertransport når utstyr skal opp på fjelltoppar.

Som første politidistrikt på Vestlandet tok politiet i Haugaland og Sunnhordland i bruk naudnettet i november. Til no har erfaringane deira vore gode.

I resten av Hordaland er to tredjedelar av dei 190 sendarane på plass. Samstundes som det arbeidet går føre seg gjer politiet i Hordaland politidistrikt seg klare til å få same kvardag som kollegaene i sør.

– Alt utstyr blir bytta ut i løpet av det neste halve år. Vi får nye politiradioar i kring 160 køyretøy, forklarar prosjektleiar Hans Egil Berge i politiet.

Håpar dekninga blir betre

Det gamle utstyret er slite og politiet har i dag stor utfordring med dekning og talekvalitet. Håpet er at det no skal bli betre.

– Samhandlinga mellom politi, brann og helse vil bli lettare.

Men ingen veit sikkert korleis dekninga blir når nettet blir slått på i Hordaland, truleg i løpet av neste sommar. Stortinget har stilt krav om dekning der folk bur og ferdast.

– Det er DNK som må sørge for at dei leverer det Stortinget har bestilt. Politidistriktet vil gjera dekningsmålingar før det blir teke endeleg i bruk, seier Berge.

– Det blir veldig god dekning, veldig mange plassar, seier utbyggingsdirektør Dagfinn Sjøvik.

– Det vil vera enkelte plassar der det ikkje er dekning. Men det har vi fleire løysingar for. Til dømes vil ambulanse, helse og politi har utstyr i bilane sine som gjer det mogleg med forsterkarar som skyt dekning inn i dei områda som ikkje har dekning. Vi kan også fly inn mobile stasjonar, forklarar Sjøvik.