NRK Meny
Normal

Den siste i sitt slag

HJELLESTAD-BJELKARØY-LERØY-KLOKKARVIK (NRK): Tidlegare batt små ferjer saman øykommunane i Midthordaland. No er det berre MF Sundferja som er att. Sambandet til Bjelkarøy og Lerøy i Sund er nesten ei reise tilbake i tid.

Sundferja

EIGENTLEG FRÅ 1977: Det er berre MF Sundferja som er att på sambandet til Bjelkarøy og Lerøy i Sund.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Naviger deg rundt på ferja og kaiane, og klikk på pilen for å ta deg til neste bilete!

Det er ikkje berre ferja som er spesiell. Ingen andre overfartar går så tett på land, mellom holmar, skjer og smale sund.

– Det er ei kjekkare rute enn å berre gå fram og tilbake over ein fjord, meiner styrmann Rune Langeland. Han har jobba på Sundferja i to månader og stortrivest

Laster kart, vennligst vent...

.

Stamkundar

Bilane som kjem om bord på Hjellestad vert dirigerte etter kvar dei skal av. Dei fleste vert ikkje spurd før får plassen sin. Dei tek denne ferja to gonger kvar dag.

– Her blir vi kjend med dei fleste som tek ferja. Det er eit triveleg samband å jobbe på, seier styrmannen som tidlegare har segla på dei store verdshava.

Rune Langeland

KJEKK RUTE: Rune Langeland er styrmann på Sundferja.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dette meiner NRK om ferjestrekninga Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik:

Overfart og kaier: 8

Dette er ei av dei mest interessante overfartane me har. Ferja går mesteparten av turen tett på øyer og skjer, hytter og småbruk. Og siste delen over til Klokkarvik går gjennom skipsleia. Alle kaiane er små og sjarmerande, med ferjelemmer av tre.

Sundferja

I RUTE: Sundferja på veg inn til land ved Bjelkarøy.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 3

Av ukjend grunn gir opp reiarlaget Gulen Skyss at MF Sundferja er frå 1994. Eigentleg er den frå 1977. Det er tydeleg for alle som tek turen. Her er det ein liten salong under dekk og vanskeleg å få med seg det som glir forbi på utsida. At Sundferja vert sett på som ei oppgradering frå dei som gjekk her før seier jo litt om dei som gjekk her før.

Sundferja

EIGENTLEG FRÅ 1977: MF Sundferja

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Service og fasilitetar: 3

Toaletta om bord verkar oppgraderte. Det er ikkje kafeteria, men det er sett fram ei kanne kaffi. Få fasilitetar på kaiane, men det er ein liten butikk på Hjellestad.

Nostalgi og oppleving: 7

MF Sundferja er einaste i Hordaland som har eit klart framme og bak. Interiøret er herleg med raude og grøne skaibenker. Stort pluss for at ein må rygge om bord på Lerøy om ein skal til Klokkarvik. Og så er kaiane sjarmerande uforandra over dei siste tiåra.

21 (av 40)

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Siste video

Vegvesenet rydder på rasstedet på riksvei 13 i Odda, der to biler ble truffet av et steinras.