Hopp til innhold

Den nye rusakutten opna

- Rusmisbrukarane i Bergen får eit betre tilbod med den nye rusakutten, seier statsminister Jens Stoltenberg.

Opnar ny akuttpost for rusavhengige
Foto: Linda Ekeland / NRK

Saman med Bergen kommune og Helse Bergen opna statsministeren den nye akuttposten for rusavhengige i dag. Akuttposten er ein korttidssengepost med 10 senger, der pasientane kan opphalde seg i inntil 48 timer. Seks av sengene er sett av til ruspasientar, medan fire senger skal nyttast til observasjon og behandling av andre pasientgrupper.

- Vil hjelpa mange

Statsminister Jens Stoltenberg trur tilbodet vil hjelpa mange.

- Personar som opplever overdose og akutte problem knytta til rusmisbruk, vil bli tatt hand om på ein betre måte enn før, meir ordentleg og verdig. Dei får hjelp i eit døgn nokre timar, og så er håpet at det skal få dei vidare inn i behandlingssystemet, seier Stoltenberg.

- Viktig med ulike tiltak

Helseminister Anne Grete Strøm-Erichsen ser også at det er eit stort behov for den nye rusakutten i Bergen.

- Det er openbart store utfordringar her, og ikkje minst når me ser på ambulansestatistikken over talet på overdoser. Det har vore forsøk med mange nye stoffer, så det er ein alvorleg situasjon. Derfor er det så viktig at ein har ulike tiltak som ledd i ein større behandlingskjede, og derfor er rusakutten ekstra viktig, seier helseministeren.

Det var tidlegare helsebyråd, Bjarne Håkon Hansen, som løyva pengane i 2009.

Les òg: - Umulig å telle sprøytemisbrukere

Les òg: Etablerer rusakutt i Bergen