Hopp til innhold

Einvegskøyrd bygdebru har meir trafikk enn der Noregs dyraste europaveg kjem

ALVERSUND (NRK): Det er dobbelt så mykje trafikk på denne fylkesvegbrua i Nordhordland som på fergene der verdas lengste flytebru er planlagd. – Staten vil bruke fleire titals milliardar på eit gigantprosjekt utan trafikkgrunnlag, protesterer Ap-politikar.

Lysregulert bygdebru i Alversund og Hordfast-skisse

TRAFIKK: Alversund bru i Nordhordland (til venstre) har ein årsdøgntrafikk på 6200 køyretøy. Prognosar viser at Hordfast-prosjekt til ha ein trafikk på 7000 daglege køyretøy.

Foto: NRK/Vegvesenet

Kvar dag køyrer rundt 6200 køyretøy over den vesle, lysregulerte Alversund bru i Nordhordland. Brua er hovudvegen ut til Radøy kommune. Den har berre eitt felt og det største spennet er på 198 meter.

Lenger sør i Hordaland planlegg Statens vegvesen milliardprosjektet Hordfast: Firefelts motorveg og to gigantbruer mellom kommunane Stord, Tysnes og Os skal bidra til å gjere hovudvegen mellom Stavanger og Bergen ferjefri.

Flytebrua over Bjørnafjorden skal erstatte ferjestrekk som i dag fraktar rundt 3300 bilar dagleg, ifølge trafikkteljingar frå Vegvesenet.

Det er eit stort paradoks at vesle Alversund bru i Nordhordland har nesten dobbelt så mykje trafikk som dette, meiner gruppeleiaren for Arbeidarpartiet i Hordaland.

– Det er eit bilete på kor galt det er å bruke 30–40 milliardar kroner på Hordfast. Eg finn meg ikkje i det, seier Roald Kvamme (Ap).

Endeforankret flytebro Hordfast

Over Bjørnafjorden er planen å byggje verdas lengste flytebru. Den skal først og fremst erstatte ferja Halhjem-Sandvikvåg på hovudvegen mellom Stavanger og Bergen.

Foto: Statens vegvesen

Over 30 milliardar kroner

Kostnadsoverslaget for det som vil bli Noregs dyraste veg auka først frå 19 til 43 milliardar kroner, men er no 35 milliardar kroner.

Flytebrua vil bli verdas lengste, og skal erstatte tre ferjestrekk:

  • Halhjem – Sandvikvåg fraktar 2800 bilar dagleg.
  • Halhjem - Våge og Jektevik - Hodnanes fraktar dagleg 500 bilar kvar.

Ifølge ulike prognosar frå Statens vegvesen får Hordfast kanskje ein trafikk på 7.000-10.000 køyretøy i døgnet det første året etter opning.

Arbeidarpartiet støttar idéen om kyststamveg, men Kvamme meiner det er gale å prioritera delprosjektet Hordfast.

Der planlegg dei firefelts motorveg, utan tilstrekkeleg trafikkgrunnlag. Det er større behov for fire felt over Alverstraumen enn over Bjørnafjorden, meiner Kvamme.

Øyvind Halleraker

MEINER DET VIL TENE ALLE: Øyvind Halleraker i Hordfast AS meiner prosjektet vil føre til at ein får nok pengar til å byggje fleire prosjekt.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Ein kan ikkje samanlikne trafikken

Leiar Øyvind Halleraker i lobbyselskapet Hordfast AS godtar ikkje samanlikninga med Alversundbrua.

– Ein kan ikkje samanlikne trafikken på eit ferjestrekk med trafikken på ei bru. Det er jo heile poenget med Hordfast å få vekk den trafikkbremsen som ferjene er.

Han viser til tidlegare prosjekt der ferjesamband har blitt erstatta med eit fast samband.

– Då har vi fått ein trafikkvekst etterpå.

Bilist Eivind Berge meiner den firefelts motorvegen til Hordfast er eit paradoks når trafikken der er mykje mindre enn på bygdebrua mellom Lindås og Radøy.

– Det er litt andre strekningar som hadde fortent veg før ein fekk dette gigantprosjektet.

Bilist på Alversundbrua Fv 565

BØR PRIORITERE: Eivind Berge meiner ein først må prioritere andre strekningar enn Hordfast.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Meiner andre vegar må bli prioritert

Roald Kvamme meiner både staten og Hordaland bør prioritere andre vegar enn Hordfast.

– Vi har 3000 kilometer fylkesveg som vi ikkje er i stand til å halde ved like, og så skal staten bruke titals milliardar på eit bruprosjekt utan trafikkgrunnlag, protesterer Ap-politikaren.

Halleraker i Hordfast AS viser til nytteanalysane vegvesenet og andre har laga.

– Dette prosjektet har så høg samfunnsnytte at det vil tene alle trafikantar og næringslivet på Vestlandet på ein måte som gjer at vi også får pengar til å byggje enno fleire prosjekt.

Opning av Alversund bru i 1958
Foto: Utlånt frå Arne Årseth
Alversund bru opna 29. juni 1958, og det var dekka til langbord i gymnastikksalen på Alversund ungdomsskule. Same dag som brua opna, var det siste gong bilferja «Torefjell» gjekk til Alverstraumen. Bileta er lånt ut frå Arne Årseth.