NRK Meny
Normal

Maskert mann demonstrerte mot festspillkonsert

Ein maskert mann demonstrerte i dag mot Morten Traaviks «Kardemomeyang». Festspillene har no avlyst framsyninga av ein minikonsert på Torgallmenningen i Bergen.

Ein maskert mann demonstrerte i dag mot Morten Traaviks «Kardemomeyang». Festspillene har no avlyst framsyninga av teaterkonserten på Torgallmenningen.

DEMONSTRERTE MOT FESTSPELKONSERT: Den maskerte mannen skulda Traavik og Festspillene for å ikkje bry seg om rapporten frå FNs menneskerettigheitsråd som slår fast at Nord-Korea er ansvarleg for ei rekke alvorlege brotsverk

Ein maskert mann protesterte mot Morten Traaviks teaterkonsert «Kardemomeyang» på Torgallmenningen i dag.

«Nei til kunst i despotens teneste» stod det på ein plakat mannen bar rundt på, medan han delte ut ark som oppfordra folk til å boikotte førestillinga.

På arka mannen delte ut kritiserte den maskerte mannen Traavik for å ha blitt «ei brikke i Kim Jong-uns forherligende propaganda» fordi han har opptredd på nordkoreansk fjernsyn, skreiv BT.no i dag.

Den maskerte mannen skulda også Traavik og Festspillene for å «gi blaffen i» rapporten frå FNs menneskerettighetsråd, som slår fast at Nord Korea er ansvarleg for ei rekke brotsverk, som slaveri, drap, tortur og seksuell vald.

Avlyser minikonsert på Torgallmenningen

Maskert mann

DEMONSTRERTE PÅ TORGALLMENNINGEN: Mannen var maskert og hadde solbriller.

Foto: Malin Barth

Sju nordkoreanske barn skal opptre på «Kardemomeyang», som skal framførast i kveld på Logen teater. Dei har med seg sine eigne tolkingar av norske barnesongar frå Thorbjørn Egners Folk og røvere i Kardemomme by.

Dei nordkoreanske musikkskuleelevane skulle eigentleg synge for publikum på Torgallmenningen i Bergen klokka 16 i dag, men etter demonstrasjonane frå den maskerte mannen har Festspillene bestemt seg for å avlyse minikonserten.

– Den maskerte mannen demonstrerte på same stad som dei nordkoreanske musikkskuleelevane skal opptre seinare i dag. Dette gjorde at me har valt å avlyse denne konserten, seier kommunikasjonssjef i Festspillene Silje Gripsrud.

– Barna er mellom 10 og 11 år, og me har ikkje lyst til at dei skal oppleve dette. Mannen var jo maskert og det kan verke skremmande.

Dette er ikkje den fyrste reaksjonen Festspillene har fått på Morten Traaviks «Kardemomeyang».

– Det har jo vore ein debatt kring førestillinga i avisene. Nokre personar har også reagert på sosiale medium, men det er berre denne eine personen som har demonstrert på denne måten, seier Gripsrud.

LES OGSÅ: Festspillene får kritikk - Hordaland

– Mannen er ikkje på mi lønningsliste

Morten Traavik

HAR EKSTRA BILLETT: Morten Traavik har ein billett på lur til den maskerte mannen, dersom han møter opp utan maske på Logen teater i kveld.

Foto: Marit Hverven / NRK

Morten Traavik snakka ikkje sjølv med mannen, men ringde Festspillene då han fekk høyre om demonstrasjonen.

– Han er ikkje på mi lønningsliste, berre så det er klart, seier Traavik.

– Me lever i eit fritt land. Men det er vanskeleg å foholde seg til ein meiningsmotstandar som ikkje vil snakke.

Traavik har ein ekstrabillett til «Kardemomeyang» på Logen i kveld.

– Den skal den maskerte mannen få. Dersom han møter opp utan maske.

LES OGSÅ: Festspillene opnar i dag - Hordaland

Siste video

Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.
Programleder: Marte Rommetveit