Hopp til innhold

Demonstrerte for asylborna

Fleire stader i landet var det demonstrasjonar for dei 450 asylborna i dag. No skal Høgsterett behandla ei utlendingssak som kan bli prinsipielt viktig for asylborna.

Asylsøkaren Nathan og familien hans i Arna går spennande dagar i møte. For første gong skal Høgsterett behandle ei utlendingssak - og det vil få store følgjer for Nathan og familien. I dag var det støttemarkeringar for asylborn fleire stader i landet.

VIDEO: Nestleiar i AUF Åsmund Aukrust gav si klare støtte til asylborna i Oslo i dag.

– Asylborna er dei aller mest sårbare vi har i Noreg, sa nestleiar Åsmund Aukrust i AUF under støttemarkeringa i Oslo i dag.

Markering i fleire byar

Både i Oslo, Bergen og Tromsø har det vore støttemarkeringar for dei 450 asylborna i Noreg. Ei rekkje politiske parti og organisasjonar deltok i markeringane.

Felles for asylborna er at dei framleis ventar på ei endeleg avklaring på framtida, sjølv om dei har budd her i landet i mange år.

– Desse borna er blitt like norske som eg er. Vi krev at dei får saka si behandla på nytt, og at borna sitt beste alltid skal leggjast til grunn, seier Åsmund Aukrust i AUF til NRK.no.

Skal opp i Høgsterett

Sjuåringen Nathan Eshete frå Bergen er blitt eit symbol på asylborna.

Familien hans har gått til rettssak mot staten, etter at dei fekk avslag på opphaldsløyve.

Rettssaka skulle ha starta i Oslo tingrett i dag, men blei utsett til februar fordi Høgsterett om kort tid skal behandla ei utlendingssak som kan bli prinsipielt viktig for Nahtan og andre asylborn.

Saka skal behandlast i plenum, altså med alle dommarane til stades, og det er første gang ei utlendingssak kjem opp til plenumsbehandling i landets øvste domstol.

Skjønn eller ikkje?

Høgsterett skal avgjera om norske styresmakter får utvisa skjønn i asylsaker eller ikkje.

– Viss denne anførselen fører fram, så vil vedtak av Utlendingsnemnda (UNE) oftare bli overprøvd av domstolane, seier høgsterettsdommar Magnus Matningsdal.

Han seier det generelt sett vil bety større sjanse for asylsøkjarane til å få medhald i sine søknader om opphald.

Det er venta dom i Høgsterett-saka rundt juletider.

Nathan og Jens Stoltenberg på 1. mai

SYMBOL: Nahtan (7) frå Bergen er blitt eit symbol på dei mange hundre asylborna. Bildet er frå 1. mai-markeringa i Bergen, der statsminister Jens Stoltenberg deltok.

Foto: NRK