Hopp til innhold

Demonstrasjon på Haukeland

Sjukehusstreiken blir trappa opp nok ein gong. I dag vil dei streikande demonstere når helseminister Bent Høie kjem til Bergen for å opne den nye barneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus. På torsdag blir 54 nye tilsette ved norske sjukehus bli tatt ut i streik. Då vil totalt 682 vere i streik, 83 av dei i Helse Bergen. Streiken er no den lengste sjukehusstreiken i Noreg nokon gong.