NRK Meny
Normal

Demonstrasjon i Nygårdsparken

Folk på Møhlenpris og Nygårdshøgda aksjonerer i Nygårdsparken og krev tryggleik i parken. Det skjer etter at ei kvinne skal ha blitt valdteken i nærleiken av parken.

Demonstrasjon i Nygårdsparken

DEMONSTRASJON: Kl. 18 var det fleire bannarar med bodskap å sjå i Nygårdsparken.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Klokka 18.00 i kveld samla bebuarar på Møhlenpris og Nygårdshøgda seg i Nygårdsparken, der dei aksjonerte og heldt appellar. 200-300 personar hadde møtt opp då demonstrasjonen starta.

Folk på Møhlenpris og Nygårdshøgda reagerer sterkt på at det skal ha vore ei gruppevaldtekt i nærområdet deira i helga.

Demonstrasjon i Nygårdsparken

MANGE MØTTE OPP: Mellom to og tre hundre personar møtte opp til demonstrasjonen i Nygårdsparken måndag kveld.

Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK

Laurdag ettermiddag skal ei kvinne ha blitt valdteken av fem menn på Marineholmen like ved Nygårdsparken.

Store delar av rusmiljøet i Bergen held til i delar av Nygårdsparken. Bebuarar rundt parken har lenge vore uroa for situasjonen i parken, og hendinga i helga blei ein utløysande faktor til krava som blei stilt i kveld.

– Me ønskjer å setta fokus på den situasjonen me etter kvart finn uuthaldeleg i tilknyting til å vera bebuar ved Nygårdsparken, seier Synnøve Fluge som er talsperson for bebuarane rundt parken.

Vil ha konkrete tiltak

«Trygghet på Møhlenpris nå» og «Stans lovløsheten i parken!» er bodskapen til dei som deltar i demonstrasjonen måndag kveld.

– Me ønskjer at politikrane og politiet skal setta seg ned og komma med heilt konkrete tiltak til korleis ein kan handtera den etter kvart så uuthaldelege situasjonen som me ser i Nygårdsparken no, forklarer Fluge.

– Korleis er det å leva som nabo til Nygårdsparken?

– Me føler at me ikkje lenger kan bevega oss fritt som me ønskjer i området me bur i.

Demonstrantane gjekk gjennom Nygårdsparken og stoppa då dei kom til den delen av parken der store delar av rusmiljøet i Bergen held til. Der blei det halde appell før dei gjekk vidare til Universitetet i Bergen.

LES OGSÅ: Frykter regnet har skylt vekk viktige spor

Demonstrasjon i Nygårdsparken etter at ei kvinne i helga skal ha blitt valdteken like ved parken.

VIDEO: Demonstrasjon i Nygårdsparken. Foto: Renold Tennysen Christopher / NRK



Siste video

13 lam rømde då bilen dei vart frakta med kolliderte. Dyretransporten fekk ein brå stopp og sauene stakk til skogs.
 Programleder Mariann Reikerås