Hopp til innhold

Byrådsleiar: Dei tilsette får god oppfølging

Tilsette i barnevernet i Bergen kommune får no tett oppfølging, fortel byrådsleiar Monica Mæland. – Det er ein ufatteleg situasjon for dei tilsette, seier ho.

Monica Mæland

BYRÅDSLEIAR MONICA MÆLAND: - Dette er ufatteleg tragisk for dei tilsette, særskilt for kvinna i barnevernet som vart vitne til drapet.

Foto: Marit Hommedal / Scanpix

I går oppretta Fylkesmannen i Hordaland tilsynssak mot barnevernet etter drapet på den tre år gamle guten på Stord torsdag ettermiddag.

Byrådsleiaren seier det er for tidleg å seie om barnevernet i kommunen har svikta i saka.

– Ufatteleg for dei tilsette

Mæland seier sjølv at Bergen kommune har eit enormt ansvar i denne saka.

– Vi følgjer både pårørande og våre tilsette med kriseteam.
Dette er ei tragedie, og eg har vanskeleg for å finna ord som strekk til, seier Byrådsleiaren.

Var vitne til drapet

Ei kvinne som er tilsett i barnevernet i Bergen kommune var vitne til drapet. Det var eit rutinebesøk hos familien på Stord.

Helsebyråd Hilde Onarheim fortel av kvinna har det vanskeleg, men at ho får god støtte frå kriseteam.

– Det er mange i barnevernet som kjende dette barnet. For desse er det heile ufatteleg tragisk, seier Onarheim.

– Treåringen utvikla seg godt i fosterheimen

I går vart det klart at Fylkesmannen i Hordaland, ved fylkeslegen, opprettar tilsynssak mot barnevernet etter drapet.

– Vi er glad for at det no er oppretta tilssynsak. Vi er opptekne av å gjere det rette, og dersom noko er blitt gjort feil vil vi sjølvsagt rette opp i det, seier byrådsleiaren.

Mæland seier det er Bergen kommune sitt ansvar at fosterheimen tek godt vare på barnet, og at det ikkje er nokon grunn til å tru at det ikkje har blitt gjort.

– Vi har hatt to rutinebesøk hos familien på Stord så langt i år, og vi har all grunn til å tru at treåringen har utvikla seg godt i fosterheimen, seier Mæland.

drap

JOBBAR FRAMLEIS PÅ ÅSTADEN: Politi og teknikarar har vore på åstaden i Sagvåg på Stord i heile dag.

Foto: Marte Rommetveit/NRK