Dawid (27) møter tidlegare arbeidsgjevar i retten: – Mista jobben fordi eg var fagorganisert

BERGEN TINGRETT (NRK): Berre uorganiserte arbeidarar fekk jobb på laksepakkeriet. Måndag møtte 13 av dei organiserte i retten. – Dei blei diskriminerte, meiner LO.

Dawit Kaldunski

BYGDE HUS: Dawid Kaldunski brukte pengar frå Norse Production til å bygge hus i Polen. – Eg måtte stoppe byggearbeidet fordi eg ikkje hadde pengar etter at dette skjedde, seier han.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

To leiarar frå Sund Laksepakkeri møtte måndag til ei tre veker lang rettssak i Bergen tingrett, saksøkte for brot på diskrimineringsforbodet og fortrinnsretten i arbeidsmiljølova.

Ingen organiserte arbeidarar fekk vere med vidare då Sund Laksepakkeri kjøpte verksemda i konkursramma Norse Production i april 2018.

I salen sit 13 av dei 45 tidlegare arbeidarane som LO representerer i rettssaka.

Ein av arbeidarane er 27-årige Dawid Kaldunski.

– Fagforeininga sa at vi hadde krav på å få jobb i det nye selskapet, men det skjedde ikkje. Eg gjekk på dagpengar og levde på lite pengar, seier Kaldunski til NRK.

NNN-organiserte i Norse Production

SAMLA: 13 tidlegare tilsette i Norse Prodcution stilte i rettssalen i Bergen måndag.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Ønskjer rettferd

Han jobba med filetering i Norse Production, og blei tilsett i 2013.

– For meg har det vore vanskeleg å få jobb etterpå, sidan eg begynte å jobbe på fabrikken rett etter skulen. Eg har ikkje mykje anna erfaring, seier Kaldunski.

Han var i gang med husbygging i Polen då han mista jobben.

– Eg måtte stoppe byggearbeidet fordi eg ikkje hadde pengar etter at dette skjedde, fortel Kaldunski.

Ein annan som mista jobben er 29 år gamle Piotr Gora.

– Eg vil at selskapet skal ta ansvar for at dette er eit lovbrot. Eg ønskjer rettferd, seier Gora.

Piotr Gora

ORGANISERT: Piotr Gora jobba i Norse Production, og var organisert. Han fekk ikkje jobb vidare i det nye selskapet.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Diskriminering og fortrinnsrett

Norse Production var råka av sterke interne motsetjingar før bedrifta gjekk konkurs i fjor. Om lag halvparten var organisert i LO og den andre halvparten ikkje.

I tingretten måndag starta LO si innleiing av saka.

– Vi meiner at dette er i kjernen av oppdraget til LO. Det er diskriminering av organiserte arbeidarar som har fortrinnsrett på arbeidsplassane, seier LO-advokat Edvard Bakke.

I retten viste han til arbeidsmiljølova, som seier at fortrinnsretten òg gjeld verksemder som går konkurs og den opphavlege verksemda blir vidareført.

Motparten er ikkje einig i at denne lova verker inn i dette tilfellet.

– Dette er ingen verksemdoverdraging, seier Norse-advokat Dag Nødtvedt til NRK.

– No drar dei berre gamle historier, men i morgon skal vi kome tilbake til kva vi meiner er rett i saka.

Dei seier det låg individuelle vurderingar bak alle tilsettingane.

Advokater Norse

SAKSØKT: Jannike Fredin og Dag Nødtvedt representerer Sund Laksepakkeri, det nye selskapet som kjøpte verksemda i Norse Production.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK
LO-advokatene Fredrik Wildhagen og Edvard Bakke

LO: LO-advokatar Fredrik Wildhagen og Edvard Bakke representerer LO i saka. Saksøkarane var organisert i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN).

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Lang strid med LO

Sund Laksepakkeri driv produksjon av fisk på Sotra i Hordaland. Fisken får dei frå Sekkingstad AS. I 2013 sette Sekkingstad ut fiskeproduksjonen til polskregistrerte Norse Production. Dermed kunne utanlandske arbeidarar jobbe på utanlandsk løn.

LO-forbundet NNN gjekk ut i BT og kalla det sosial dumping.

Etter at fiskeindustrien fekk minsteløn i 2015, starta Norse ein rotasjonsordning der arbeidarane var åtte veker på og fire veker av.

Arbeidstilsynet slo i 2017 fast at ordninga var ulovleg.