Hopp til innhold

Datokøyring fortset i neste veke

Byrådet i Bergen har vedteke å fortsetja datokøyringa måndag og tysdag neste veke.

Kontroll av datokjøring i Bergen

FORTSET: Datokøyringa i Bergen held fram frå måndag kl 6. 9 bilistar vart bøtelagd for å ha køyrd ulovleg i går.

Foto: Dag Harald Andersen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Byrådet har vedteke å utvida datokøyringa innanfor ytre bomring i Bergen sentrum.

Datokøyringa gjeld i utgangspunktet fram til 22 i kveld, men byrådet har bestemt at denne vil fortsetja frå klokka 6 måndag. Etter planen skal tiltaket gjelda fram til klokka 22 tysdag.

Les også: Innførte datokøyring - same dag blinka luftmålarane raudt

Tiltaket vil verta avlyst tidlegare viss vêrtilhøva i Bergen betrar seg.

Kommunen følgjer utviklinga tett

Varselet frå Metereologisk institutt viser fare for farleg høg luftforureining både måndag og tysdag.

– Varselet tyder på at vêret skal vera noko lunde det same neste veke. Difor har me budd oss på å innføra datokøyring frå måndag morgon, seier Eva Hille, informasjonsdirektør i Bergen kommune.

Hille presiserer at vedtaket gjeld fram til tysdag klokka 22, men seier at kommunen vil følgja vêrutviklinga gjennom helga.

– Skulle vêrtilhøva snu, vil datokøyringa verta avblåst på kort varsel.

Det er ikkje datokøyring mellom klokka 22 i kveld og klokka 6 måndag morgon.

Les også: Supplybåter blir liggende mens bilene stenges ute

Måndag 11. januar kan bilar med skiltnummer som sluttar med oddetal køyra innanfor bomringen i Bergen. Tysdag er det fritt fram for bilar med partalsskilt.

Dette er den fyrste perioden med langvarig dårleg luft etter at det nye byrådet i Bergen tiltredde.

Laster innhold, vennligst vent..

Les også: Warloe: – Vi hadde også innført datokjøring

Ni vart teken i storkontroll

For andre gong i historia har byrådet i Bergen innført datokøyring for å avgrensa luftforureininga i byen. Førre gong byrådet innførte datokøyring var i 2010. Då vart tilgangen til Bergen sentrum redusert i berre éin dag.

I går vart ni personar bøtelagde for å ha køyrd ulovleg. Syndarane måtte ut med 1.500 kroner i gebyr.

Påbodet om datokøyring blei innført fordi kombinasjonen av kaldt vêr og lite vind gjer at den giftige lufta frå biltrafikk, båtar i hamna og vedfyring, blir liggande over byen i det som blir omtala som eit «giftlokk».