Hopp til innhold

Pengar svindla frå forelska nordmenn går til terror

De såkalla «Nigeria-breva» har flytta seg til datingstader på nettet. Pengar som svindlast frå forelska nordmenn hamnar hos terrororganisasjonar i Afrika.

Emma Böninger, forex

HAR «REDDA» FLEIRE: Emma Böninger i Forex Bank i Bergen har stogga fleire frå å sende pengar til framande i utlandet. Ofte seier svindlarane at dei treng pengar til operasjonar eller legebehandling.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Emma Böninger, filialsjef i Forex Bank i Bergen, har stogga fleire kundar frå å sende pengar til menn dei oppriktig trur er kjærastar dei har funne på nettet. Forex Bank er agent for Western Union i Norge.

– Vi stiller enkle spørsmål som kor lenge dei har kjent kvarandre og når dei møttest sist. Etter det blir det raskt klart ar det er menneske dei aldri har møtt, men som plutseleg treng pengar til ein operasjon eller legebehandling etter ei ulukke, fortel Böninger.

Finansierer terrororganisasjonar

– Fleire kundar seier dei ikkje bryr seg om dei blir lurt. Men då spør eg kva dei trur desse pengane går til?

I Nederland finst den fremste ekspertisa på såkalla «410-scams» eller «Nigeria-brev». Frank Engelsman i selskapet Ultrascan har overvaka denne svindelen i 69 land gjennom dei ti siste åra.

– Vi ser at mykje av pengane frå denne romantikk-svindelen hamnar hos terrororganisasjonar som Boko Haram i Nigeria og Al Shabaab i Somalia.

Kvinner mellom 40 og 70 er offer

Anne Dybo, rådgiver i Økokrim

STORSVINDEL: Nettsvindel på datingsider er big business, fortel Anne Dybo i Økokrim.

Foto: Lasse Lerdahl

Han fortel at omfanget av svindelen har auka med 3–4 prosent kvart år sidan 2003. Totalt kan dei samla inntektene til dei vest-afrikanske svindlarane samanliknast med bruttonasjonalproduktet til eit lite land.

– Vi snakkar om milliardar av kroner, seier Engelsman.

– Det typiske offeret er ei kvinne mellom 40 og 70 år, seier Anne Dybo i Økrim.

Datingsvindel er blitt nummer ein

Ho fortel at svindel gjennom datingsider på nettet no er nummer ein innan økonomisk nettsvindel.

– Det er blitt greitt å drive dating på nettet, og vaksne kvinner er veldig aktive. Dei har ikkje same forståing av at ein skal vere litt forsiktige som yngre folk har, seier ho.

Offisielle tal frå Økokrim viser at nordmenn betalte 200 millionar kroner til slike nettsvindlarar i 2012. I fjor gjekk talet ned til 75 millionar, mykje takka vere merksemda i media, ifølgje Anne Dybo.

– Store mørketal

– Eg trur det er store delar av denne svindelen vi aldri får vite om. Folk skjemmast over å ha blitt lurt, og fortel det ikkje til nokon, seier Emma Böninger i Forex Bank.

Frank Engelsman i Ultrascan meiner denne svindelen i praksis er umogeleg å avdekke for nasjonalt politi. Eineste løysing er ei global innrapportering, som så gjer det mogeleg for politiet i kvart enkelt land å spore e-postar, datavirus og pengestraumen, hevdar Engelsman.