Datatabbe forseinkar valet

Fleire titals kommunar ventar på avgjerande resultat.

Valgurne

Så mange som 82 kommunar kan vere råka av feilen som forseinkar valresultatet.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / SCANPIX

Så mange som 82 kommunar kan vere råka av programvarefeilen hjå Ergo Group. Politikarar og veljarar ventar framleis på avgjerande resultat.

Les òg: Slik gjekk det i din kommune

Ventar på finteljinga

I Askøy kommune ventar politikarane no spente. Finteljinga skal avgjere om valvinnar Høgre og samarbeidspartnar Frp kan regjere åleine eller ikkje. Det siste mandatet kan gå til Høgre eller til Demokratane, men svaret er forseinka.

– Setlane me har fått inn er både skanna og verifisert. Men når me skulle overføre dette til dataprogrammet som registrerer slengarar og tilleggsstemmer stoppa det opp på grunn av ein feil i systemet, seier Rune Solhaug som har ansvaret for gjennomføringa av valet i Askøy kommune.

Solhaug meiner det er uheldig at politikarar og veljarar må vente så lenge på resultatet.

– Så lenge me ikkje har oversikt over slengarar og slikt, så veit me heller ikkje kven av kandidatane i det enkelte parti som vil kome inn i kommunestyra.

Siv Høgtun (H)

Valvinnar i Askøy, Siv Høgtun, ventar no på den avgjerande finteljinga.

Foto: Tomas Moss

Fjell og Lindås er mellom kommunane i Hordaland som har same problem, og som bli forseinka med resultatet.

Beklagar på det sterkaste

EDB Ergo Group leverer programvare til 175 av kommunane i landet. Dei beklagar no på det sterkaste at ein feil på programvaren forseinkar valresultata i opp til halvparten av desse kommunane.

– Me set æra vår på å gjennomføre eit trygt og godt val for heile Noreg, og difor er dette svært beklageleg. Me gjer no alt me kan for at innspurten av oppteljinga skal gå som den skal utan noko meir problem, seier informasjonssjef i EDB Ergo Group, Torgeir Kristiansen.

Feilen oppstod ved registreringa av sokalla dublettar eller kopierte stemmesetlar. Ergo Group måtte gjennomføre ein modifisering av programvaren for å få den til å gjennomføre teljinga.

Kristiansen understrekar at forseinkinga ikkje har ført til feil i oppteljinga.

– Problemet har ikkje ført til nokon feilregistreringar, men valoppgjeret er forseinka.

Frode Rasvik

Frode Rasvik er teknisk koordinator for stemmeoppteljing i Bergen kommune. Maskinane kan skanne 40.000 stemmer i timen.

Foto: Kristine Askvik / NRK