NRK Meny
Normal

Rocka festspelopninga med kjempekor

Datarock og eit kor med 400 barn fekk publikum til å koka over under opninga av Festspillene. – Det var fantastisk morosamt!

Datarock og eit kor med 400 barn fekk publikum til å koka over under opninga av Festspillene. – Det var fantastisk morosamt!

SJÅ VIDEO: Datarock framfører "Fa fa fa" saman med 400 barn frå Olsvik skule, Skranevatnet skule og barn frå Ung i Kor-Vest. Foto: Sigurd Hamre og Jørgen Eide | Redigering: Sigurd Hamre

Datarock

NULL STRESS, JOGGEDRESS: Alle dei 400 borna var kledd opp i Datarock sine velkjende raude joggedressar.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kjære Bergen. Vi er så glade for å vera her på Festspillene, så vi tok med oss nokre vener, sa Fredrik Saroea i Datarock då han introduserte koret sitt under opninga av Festspillene i dag.

Det var elevar frå Olsvik skule, Skranevatnet skule og barn frå Ung i Kor -Vest som var med i koret. Totalt var det over 400 barn i sving då hiten «Fa fa fa» runga over Festplassen i Bergen.

– Eit minne for livet

Anine og Sølvi var mellom dei som var med å song med Datarock. Det var to jenter med høgt adrenalin-nivå som møtte NRK rett etter dei hadde gått av scena på Festplassen.

– Det var utruleg gøy! Dette skjer nok berre ein gong i livet, seier Anine som var av dei som sprang først ut på scena med kjempekoret.

– Og så er det kjekt å oppleva dette saman med mine bestevenner, la Sølvi til

Begge er store fans av Datarock og hadde nok nokre sommarfuglar i magen før framføringa.

Erna Solberg

SANG MED: Også statsminister Erna Solberg deltok då Datarock rocka opninga av Festspillene.

Foto: Tale Hauso / NRK

Statsministeren song med

Også statsminister Erna Solberg deltok i songen. Solberg var ein av talarane under opninga i dag.

– Det var fantastisk morosamt. Og så er det herleg å sjå den ulike graden av entusiasme hjå barna. Nokon var heiltent medan andre kanskje tykte det var vel mange på scena, ler Solberg.

– Det er veldig hyggeleg å vera her og heldigvis heldt vêret.

Datarock

MYKJE FOLK: Det store barnekoret song for eit stort publikum på Festplassen i Bergen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Inspirera til å synga

Frontfiguren i Datarock, Fredrik Saroea, byrja i kor som barn, i bedehuset i Florvåg på Askøy. Bandet har sidan starten hatt med seg eit lite kompiskor av og til.

– Når vi har konsertar med Datarock er målet vårt å inspirera folk til å synga med, seier Fredrik.

Siste video

Torsdag var det hviledag i VM, og bergenserne fikk teste VM-løypene.
Slik såg det ut i VM-løypene dagen etter temporittet opp Fløyen.
Vestlandsrevyen 21.september frå Torgallmenningen i Bergen.