No kjem Arbeidstilsynet med ein rapport som avdekkjer fleire manglar ved tryggleiksavdelinga ved sjukehuset.
- Større rømningsfare
Institusjonen husar nokre av dei farlegaste pasientane i landet, dei som er for sjuke til å vera i fengsel.
- Når ein ser alvorleg svikt i rutinar, vil ein jo sjølvsagt tenkja seg om ein gong eller to før ein går på jobb, seier ein mangeårig tilsett ved tryggleiksavdelinga ved sjukehuset.
Han vil ikkje ha namnet sitt på radio, men fortel til NRK at det er blitt farlegare å gå på jobb den siste tida.
- Rømningsfaren er nok ifølgje mine erfaringar blitt større, fortel han.
Ekstrempasientar
Sandviken Sykehus har ein av tre tryggleiksavdelingar i landet der såkalla ekstrempasientar hamnar, med andre ord kriminelle som er for psykisk sjuke til å sona i fengsel.
Mange av desse er psykotiske og svært farlege, og tryggingstiltaka er difor strenge.
Men ikkje strenge nok, ifølgje rapporten frå Arbeidstilsynet.
For få tilsette med fagleg kompetanse, ikkje nok legar, feilmedisinering, medisin som forsvinn og dårlege rutinar på å melda frå om overtramp mot pasientane. Det er berre ein del av det Arbeidstilsynet har fått høyra om.
Kjenner seg pressa av leiinga
I tillegg har NRK snakka med tilsette og tidlegare tilsette som fortel om maktbruk, tvangsmedisinering og tvangsisolering av pasientar som aldri blir rapportert.
Fleire kjenner seg pressa av leiinga til å halda munn om forholda.
Mange meiner tryggleiken er blitt så dårleg på avdelinga at dei er redde for å gå på jobb.
Tek rapporten alvorleg
Arbeidstilsynet vil ikkje uttala seg om saka, men det vil psykiatrisk direktør i Helse Bergen, Hans Olav Instefjord.
- Me tek denne rapporten alvorleg. Me har nokre svært konkrete ting me må få retta opp i så snart som mogleg, seier han.